Korona-effekten lammar arbeidslivet

Korona-effekten har slege inn i det lokale arbeidslivet med full tyngde. 1.211 øygardsstrilar er no meldt arbeidsledige. Det er ein auke på 121 prosent berre siste veka, ifølgje NAV.

Som følgje av den ekstraordinære situasjonen har NAV gått over til å utarbeida vekentlege rapportar over utviklinga i talet på ledige i Vestland, ifølgje ei pressemelding.

Heile 20.000 innbyggjarar i Vestland er no registrerte som arbeidssøkjarar. Det tilsvarar ein auke på 11.000 personar samanlikna med sist veke. 6 prosent av arbeidsstyrken i fylket står no utan arbeid.

Permitteringar som følgje av frykt for smitte av koronavirus er den viktigaste forklaringa på utviklinga, i følgje NAV.

I Øygarden steig talet på heilt ledige med 662 personar sist veke. Totalt har 1.211 øygardsstrilar no registrert seg som ledige.

Verst har det gått ut over kvinnene, som er i fleirtal i dei mest utsette bransjane; reiseliv, serviceyrker og butikk og sal. Heile 43 prosent av dei ledige har bakgrunn i desse tre bransjane.

3 thoughts on “Korona-effekten lammar arbeidslivet

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.