No får butikkane utsetjing med husleiga

Sartor Storsenter er ein av dei arbeidsplassane i Øygarden som tydelegast får merka korona-effekten. No får kriseramma butikkar utsetjing med husleiga.

Kundane forventar god standard, også i ei korona-tid. Direktør Thomas Skålnes og driftsselskapet i Sartor Storsenter har så langt unngått permitteringar.


Stadig fleire stengde dører møter dei besøkjande på Sartor Storsenter om dagen. Kring 25 av dei 150 leigetakarar i senteret har stengt dørene, så langt, seier direktør Thomas Skålnes til nettavisa Tunnelsyn.no.

Hardast har det gått ut over spisestadane, men og frisørar, fysioterapeut og augelækjarane er mellom dei som har fått pålegg om å stoppa verksemda. Også Sotra Kino og biblioteket held stengt.

Mange permitterte
Som ein konsekvens er talet på besøkjande i det lokale handlesenteret betydeleg redusert. Nokon butikkar har alt stengt, andre har sendt ut varsel om permitteringar. Full oversikt over talet på permitteringar har Skålnes ikkje. Situasjonen endrar seg for raskt.

-Senteret er ein betydeleg bidragsytar til auken i talet på permitterte i Øygarden, medgjev Skålnes.

Les: Korona-effekten lammar arbeidsmarknaden

Utset husleiga
Nasjonalt har Olav Thon Gruppen varsla at butikkane i børsgigantens mange handlesentre kringom i landet vil få utsetjing med husleiga. Det vil også gjelda butikkane på Sartor Storsenter, sjølv om senteret er eigd 40 prosent av Sartor Holding, lovar Skålnes.

-Vi håpar husleigeutsetjinga vil gje positive utslag for butikkane, og letta likviditeten deira på kort sikt, seier han.

Apotek og dagelegvarer
Nett korleis tiltaket skal gjennomførast er enno ikkje avklart. Her ventar dei på retningslinjer frå sentralt hald. Butikkar som ikkje er råka av korona-frykten må og rekna med at ei eventuell husleige-utsetjing vil vera gjenstand for forhandlingar.

Situasjonen er nemleg ikkje like svart for alle leigetakarane på senteret. Apoteka går svært så bra. Også daglegvarebutikkane, og butikkar med breidt vareutval og låge prisar, gjer det betre enn vanleg, ifølgje Skålnes.

Utvida reinhald
-Betalingsutsetjinga representerer eit utfordring for oss, fordi vi skal ivareta våre finansielle plikter og drifta bygningsmassen, uansett. Vi har utvida reinhaldet av alle flater som kundane rører med to ekstra rundar dagleg. Kundane forventar at vi held god standard, seier Skålnes.

One thought on “No får butikkane utsetjing med husleiga

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.