Telenor-trøbbel forseinka Tunnelsyn

Det er ikkje berre helsevesenet og arbeidsmarknaden som slit om dagen. I dag fekk også Telenor trøbbel.

Telenor sitt operasjonssenter. Foto: Telenor/Martin Fjellanger.

Fastnettet til Telenor var nede i Straumeområdet i over to timar i ettermiddag, frå før klokka 15 og til vel klokka 17.

Hendinga skapte trøbbel for nettavisa Tunnelsyn.no, som ikkje fekk oppdatera lesarane med nye saker. Vi var ikkje aleine om å merka problemet.

Kommunikasjonssvikten skapte trøbbel, hovudsakleg for breibandskundar, over nærast heile landet.  Problema starta i Bergensområdet kring klokka 14.30, i følgje NRK.no.

Det er ikkje bekrefta at svikten skuldast den ekstra belastninga av dei mange som jobbar frå heimekontor om dagen. Så seint som i går kunngjorde Telenor at dei har auka kapasiteten på 300 basestasjonar landet over for å handtera den ekstra datatrafikken frå tusenvis av nordmenn med heimekontor.

Telenor sitt mobilnett fungerte som normalt. Det same gjorde nettverka til konkurrentane Telia og Ice.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.