Planlegg å avvikla politiske møte frå heimekontor

Kan informasjonsteknologi bidra til å oppretthalda lokaldemokratiet i koronaens tid? På rådhuset i Øygarden er dei villig til å prøva.

FRÅ HEIMEKONTOR: Dei folkevalde skal ikkje lenger måtta møta fram på rådhuset for å avvikla formelle politiske møte.

Korona-viruset har sett ein stoppar for gjennomføringa av fysiske politiske møte i Øygarden. No vil ordførar Tom Georg Indrevik (H) prøva ut om ny teknologi kan bidra til oppretthalda lokaldemokratiet i koronaens tid.

Frå heimekontor
Spørsmålet er om det lar seg gjera å avvikla formelle politiske møte over internett?

Politikarane i Øygarden skal vera med på å testa ut om videomøte frå PC i eigne heimekontor kan vera ei praktisk tilnærming til lokaldemokratiet. I ei lukka gruppe over direkte internettsamband skal det vera mogeleg for dei folkevalde å diskutera politiske spørsmål og gjera formelle vedtak, håpar Indrevik.

Lukka gruppe
Programvaren som gjer det mogeleg heiter Microsoft Teams og «spelar» saman med operativsystemet Windows 365. Dette er eit sokalla samhandlingssystem som gjer det mogeleg for ei gruppe personar å gjennomføra videomøte på pc, utveksla filer og chatte samstundes. Administrasjonen i Øygarden har alt nytta programmet eit tid. No ivrar Indrevik etter å prøva det i politisk samanhang.

Testa på formannskapet
Formannskapet var med på første testen onsdag denne veka, då rådmannen orienterte om den økonomiske situasjonen. I morgon, fredag, er det tid for ein ny teknologitest. Då vil det utvida formannskapet få ei orientering om status når det gjeld korona-situasjonen.

-Ingen saker vil verta formelt behandla. Testane vert gjennomført for at politikarane skal verta fortrulege med teknologien. Telefonen vil eventuelt fungera som backup, seier Indrevik til nettavisa Tunnelsyn.no.

Sommarfullmakt
Torsdag 26. mars vert det alvor. Då skal politikarane for første gong nytta samhandlingssystemet når dei skal ta stilling til korvidt dei skal ordføraren i Øygarden ei «sommarfullmakt» i henhald til Plan og bygningslova.

Les: Samlar stadig meir makt

Ingen andre saker vil verta formelt behandla, ifølgje Indrevik.

Utan innsyn
Verken media eller innbyggjarar vil få innsyn i debatten. Den valde programvaren begrensar deltakinga til ei lukka gruppe.  Noko som kan vera problematisk i lokaldemokratisk samanhang, medgjev ordføraren i Øygarden.

Ordføraren håpar det er eit teknisk hinder som lar seg løysa i nær framtid.

-Openhet og innsyn er avgjerande for å oppretthalda innbyggjarane sin tillit til at lokaldemokratiet fungerer, sjølv i denne situasjonen, seier Indrevik til nettavisa Tunnelsyn.no.

Over nett-tv?
I håp om å gje innbyggjarar og media innsyn i den politiske diskusjonen, har leverandøren av kommunen si nett-tv-løysing fått i oppdrag å sjå om dei to teknologiane kan koplast opp mot kvarandre.

3 thoughts on “Planlegg å avvikla politiske møte frå heimekontor

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.