Samlar stadig meir makt

Endringane i smittevernlova tilfører ordførar Tom Georg Indrevik (H) svært mykje makt. No vil han be formannskapet om utvida fullmakter også over Plan og bygningslova.

Ingen ordførar i gamle Fjell, Sund og Øygarden har vore i nærleiken av å samla like mykje makt som Tom Georg Indrevik. Arkivbilete.


Utøvinga av lokaldemokratiet i Øygarden lid som følgje av korona-viruset. Alle fysiske politiske møter er utsette inntil vidare.

Endringane i smittevernlova sist veke inneber at ingen ordførar i tidlegare Fjell, Sund og Øygarden har vore i nærleiken av å samla så mykje makt som Tom Georg Indrevik (H).

Avlyste møte
Kommunestyremøtet torsdag 26. mars er det førebels siste i rekkja av politiske møte som vert avlyst. I staden vil det verta avhalde eit utvida formannskapsmøte, avvikla ved hjelp av ny teknologi, seier Indrevik på telefon ovanfor nettavisa Tunnelsyn.no.

Les: Planlegg å avvikla politiske møte frå heimekontor

Einaste sak på dagsorden vert forslaget om å gje ordførar Tom Georg Indrevik (H) utvida fullmakter i denne spesielle situasjonen, bekreftar Indrevik sjølv.

Plan og bygningslova
Plan og bygningslova er eit område som ikkje vert omfatta av smittevernlova. No vil han sikra seg kontroll også over dette området.

-Det er snakk om ei «sommarfullmakt» i henhald til Plan og bygningslova, begrensa til ikkje prinsippielle saker, utdjupar Indrevik.

Utlegging av reguleringsplanar på høyring, er døme på saker som kan verta aktuelle for ordføraren å avgjera på eiga hand, om forslaget får fleirtal, seier Indrevik.

-Forslaget er meint for å sikra framdrifta, slik at vi kan opna opp for ei rask gjenopptaking av aktivitetane når situasjonen tilseier det, seier Indrevik.

Protestar
I Fjell hadde dei tradisjon for å gje ordføraren sommarfullmakt på siste møtet før ferien. Kva type saker denne fullmakta skulle omfatta var det derimot delte meiningar om. Då Eli Berland la ut områdereguleringsplanen for gjenbruk av Knappskog skule, vekte det protestar frå opposisjonen i ettertid. Dette var ikkje den typen saker ein ordførar skulle avgjera på sommarfullmakt, vart det hevda.

Les: Vurderer lovlegheitskontroll mot ordføraren sin bruk av sommarfullmakt

Les: Gjestekommentar: Kvifor så lite tilpassa lokalmiljøet, ordførar?

Korona-fullmakt
-Dette er ikkje noko «Korona-fullmakt», understrekar Indrevik.

Regjeringa si endring av Smittevernlova sist veke inneber at ordføraren allereie har svært vide fullmakter i alle saker som kan tilskrivast paragraf fire i lova.

-Der har eg alt dei fullmaktene eg treng, seier Indrevik til nettavisa Tunnelsyn.no.



5 thoughts on “Samlar stadig meir makt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.