Mobiliserer mot motorveg gjennom Midtmarka

«Nei til motorvei i Midtmarka» og «Midtmarkas venner» tek kampen opp mot gravemaskiner, vegutbygging og NTP.

-Nei til motorveg gjennom dette idylliske Sotralandskapet, seier Arild Halvorsen og Maria Thommassen.


Alle formelle planar er vedtekne. Initiativtakarane til «Midtmarkas venner» har likevel tru på at dei skal klara å hindra bygginga av den planlagte motorvegen gjennom urørt natur frå Kolltveit til Ågotnes.

Les: Øygarden nord – sør i 80 kilometrer i timen


Mobiliserer
Midtmarka er eit populært friluftsområde sentralt på Sotra. Eit av dei få attverande områda der det går det an å vandra i timesvis utan å treffa på andre enn sitt eige selskap.

Les: Skåleviksdemninga

Fleire lokale grupper mobiliserer no til kamp mot utbygginga. Både «Nei til motorveg gjennom Midtmarka» og «Midtmarkas venner» bruker nettet til å skapa forståing og oppslutning om motstanden.

Bevaringsverdig
-Motorvegen vil gå gjennom bevaringsverdige lyngheiar med fleire raudlista artar. Han vil og koma i konflikt med kulturminnene i Kolltveitvassdraget, seier Arild Halvorsen og Maria Thommassen. Dei to MDG-medlemmane frontar naturverninteressene i området.

Les: Kolltveit – det gløymde industrieventyret

Svartstrupe, lomvi og heipiplerke er mellom dei utryddingstryga fugleartane som finst i området og som vil få habitata sine truga av ein motorveg, i følgje Thomassen.

Eit hjortetråkk går tvers over den planlagte motorvegtraseen.

Store delar av vegen vil gå gjennom myrlendt terreng. Myrane inneheld store lager av klimagassen metan, som har 32 gongar sterkare effekt på atmosfæren ennCO2. Opparbeiding av vegen vil dermed føra til store utslepp av klimagassen.

Mest øydeleggjande
Då planlegginga av motorvegen til Ågotnes starta i 2008 var omsyn til naturverdiar eit lite omtalt tema. I dag er Midtmarka klassifisert av Miljødirektoratet som eit friluftsområde med svært høg verdi. Omsynet til natur- og kulturminneverdiane har likevel vore fullstendig fråverande i planlegginga, hevdar Halvorsen og Thomassen.

-Den valgte traseen inneber store naturinngrep, med bruer, skjæringar og fyllingar og vil vera det mest øydeleggjande alternativet med tanke på landskap, natur og kulturmiljø. Han vart likevel valgt fordi  han vart rekna som den rimelegaste, seier Thomassen.

Det er ikkje berre sjølve motorvegtraseen dei naturvernarane reagerer på. Motorvegen vil vera godt synleg på lang avstand. Trafikkstøyen vil spreia seg langt avgarde og forringa naturopplevinga i eit langt større område enn det som vert dekka av asfalt, seier dei.

Motstand
Dei er førebudde på å møta motstand. Motorvegplanane vart fødd for å betra tilkomsten til CCB. Vedtaket om å flytta Bergen hamn til Ågotnes har auka presset om ny veg. Ei interesse dei delar med bebuarane langsmed vegen som krev auka trafikksikring for gåande og syklande. Til sist er det mange av grunneigarane i området mellom dagens veg og den planlagde vegen på vestsida som ser vegutbygginga som eit argument for å opna nye utmarksområde for bustadbygging.

Alternativ?
-Vi ønskjer å opna for debatt om alternative løysingar til ny motorveg, så som kollektivtransport og hurtigbåt, seier Thomassen og Halvorsen.

Nokon ferdige svar til havneutbyggjarane og til urolege foreldre som etterlyser betre trafikktryggleik langs dagens veg har dei ikkje.

Finansiering
Enn så lenge trøystar motorvegmotstandarane seg med at ei viktig brikke enno ikkje er på plass for vegutbyggjarane; finansieringa. Veganlegget er kostnadsrekna til ein stad mellom to og tre milliardar kroner. Klassifiseringa som fylkesveg tilseier at det kan gå svært mange år før vegen kan stå klar til bruk. I håp om å løysa knipa skulle formannskapet i Øygarden sist veke ha teke stilling til korvidt vegen heller bør få status som riksveg. Då vil han kunna finansierast over NTP. Korona-viruset har sett saka på vent, på same måte som det meste anna av lokaldemokratiske prosessar.

Her kan du sjå den planlagte motorvegtraseen gjennom Midtmarka. https://www.facebook.com/midtmarka/videos/306762763627942/

One thought on “Mobiliserer mot motorveg gjennom Midtmarka

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.