Slutt på leiken – stengjer leikeplassar og idrettsanlegg

Leikeplassar og utanlegg ved barnehagar og skular i Øygarden vert no stengt. Det same gjeld uteområda ved idrettsanlegga.

SLUTT PÅ LEIKEN: Det er risiko for smittespreiing ved felles bruk av leikeapparat, ved tett leik og samtalar, åtvarar oppvekstsjef Anne-Merete Vabø Haugane.

-Den vanskelege situasjonen tvingar kommuneleiinga i Øygarden til å ta grep som kan oppfattast som strenge. Uteområda ved skular, barnehagar og idrettsanlegg vert no stengde for all bruk, seier Kommunalsjef for Oppvekst, Anne-Merete Vabø Haugane.

Ved uteanlegga treff ungane mange andre i same situasjone. Då kan det vera vanskeleg for ungane å halda seg til berre søsken.

Opne uteområde kan føra til at ein del ungdomar samlar seg i grupper på ein måte som ikkje er i samsvar med dei nasjonale retningslinjene. Kommuneleiinga, barna og dei unge sjølv, føresette og lokalmiljø, må saman og på alle måtar no vera med og sikra at også alle innbyggjarar held seg til dei nasjonale retningslinjene, seier kommunalsjefen.

-Dette vert gjort som eit tiltak for å redusera faren for smittespreiing. Det er ein risiko for smittespreiing ved felles bruk av leikeapparat, ved tett leik og samtalar og liknande. Vi må gjerne ferdast ute og halda oss i aktivitet, men det kan gjerne gjerast ved å gå på tur aleine eller få personar saman, og som alltid halda god avstand til kvarandre, seier Vabø Haugane.

One thought on “Slutt på leiken – stengjer leikeplassar og idrettsanlegg

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.