Gjestekommentar: Korona – langt frå noko atombombe – ikkje skrem oss!

Symphorien Pombe kom til Norge som kvoteflyktning. Når SV-politikaren ser norske korona-tiltak i eit større perspektiv vert han uroleg for utøvinga av lokaldemokratiet.

SV-representanten Symphorien Pombe er skeptisk til å gje ordføraren i Øygarden vide fullmakter under koronapandemien.

Av Symphorien Pombe, fylkestingsrepresentant Vestland SV, kommunestyrerepresentant i Øygarden

Mange ting kan venta, men no er det livet og helsa til innbyggjarane våre som tel mest. Å krevja fullmakter vert oppfatta som skremmande og gjev assossiasjonar til noko heilt anna enn demokrati.

Les: Samlar stadig meir makt

Vel lever vi i ein unntakstilstand om dagen. Vi må likevel spørja oss kva type unntakstilstand det er vi no står midt oppe i?
Er vi i krig, med bombing eller skyting mellom to eller fleire nasjonar?
Har kraftstasjonane og høgspentnettet til Øygarden blitt sprengt?
Er drikkevatnet vårt blitt forgifta av fiendtlege nasjonar?
Er det ikkje lenger nokon som kan handtera kloakk, avfall og liknande?
Er alle butikkane blitt plyndra?

Er vi i krig i den forstand at ordførar og kommunestyrerepresentantar ligg heime under senga, eller er på flukt for å unngå å verta drepne av fiendar, deportert eller torturert slik at fiendane kan tileigna seg politisk makt eller økonomiske ressursar?

Er vi i krig i den forstand at fiendar er opptekne av å plyndra bankar, tømma butikkar og utføra vilkårlege arrestestasjonar?

Det er som det skal vera at kommunelege Stein-Inge Stigen no har vide fullmakter i henhald til smittevernlova. Og at kommunedirektør Rune Lid har krisefullmakter knytt til den kommunale drifta.

I vår digitale tidsalder har skuleelevane i Sund dagleg obligatorisk fjernundervisning via videomøter. Då må ordføraren klara det også. Vi kan ikkje pressa skulane til å planlegga og gjennomføra fjernundervisning, takka vera imponerande innsats av IKT-personellet, samstundes som ordføraren krev fullmakter.

Er koronaviruset blitt til ei atombombe?

Alle politikarar i Øygarden har ein IPad betalt av kommunen for å utøva ansvaret som folkevalgt. I eit moderne, digitalisert land som Norge ligg alt til rette for at ordføraren skal kunna halda tett kontakt med alle politiske gruppeleiarar i ein slik situasjon som den vi no er inne i.

Dagleg les og høyrer vi om kor viktig det er å følgja helsemyndighetene sine råd. Vi les at nokre ungdomar i vår eigen kommune festa litt for tett på kvarandre, og at Politiet måtte rykka ut for å stoppa festinga. Dette er ressursar Politiet kunna ha nytta på andre område.

Sjølv i desse koronatider har vi helsepersonell, reinhaldsarbeidarar, IKT- Politi, militære, butikkarbeidarar som gjer ein fantastisk innsats. Kommuneadministrasjonen og ordføraren sjølv har heimekontor og sørgjer for å halda hjula i gang. Ein innsats som må applauderast. Samfunnet er i relativt bra stand.

Nesten samtlege av oss har blitt sosialt isolert. Nokre av oss er i karantene og andre ligg på sjukehus. Dyktig helsepersonell på legevakta, helsestasjonar og Haukeland universitetssjukehus deltek alle i ein omfattande dugnad. Utan dykk hadde mange liv gått tapt!

Journalistar utset seg dagleg for smitte gjennom intervju som ledd i innsatsen for å kunna dekka allmenta sitt behov for daglege nyhetsoppdateringar.

Norge er etter mi meining, ikkje i nærleiken av den unntakstilstanden dei har i Italia. Vi vil ikkje koma dit, og vil heller ikkje gjera det sjølv om ikkje alle ungdomane våre forstår alvoret og lar vera å festa.

Nærast kvar dag går rikspolitikarar frå dei ulike partia ut i media og oppfordrar oss om å respektera råda frå helsemyndighetene. Det at nokre av oss vel å sabotera råda fortel meg at eg var naiv som trudde alle innbyggjarane i landet var siviliserte.

Ordføraren som vil ha fullmakter i henhald til økonomi og Plan- og bygningslov kan venta så lenge helsepersonellet framleis gjer ein innsats. Ein ordførar som vil ha fullmakter er ikkje noko godt signal.

Kvifor kan du ikkje gjennomoføra kommunestyremøter ved å samla varaordførar, kommunedirektør, sekretær og alle gruppeleiararne i videomøte, og la resten overværa møtet via nett-tv slik dei gjer i andre kommunar?

Norge kan ikkje kreva at grunnskular, ungdomsskular, vidaregåande skular, høgskular og universitet gjennomfører fjernundervisning, og samtidig gje ordføraren alle fullmakter.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.