Her søkjer dei etter nye medarbeidarar

I symjehallen i Hjeltefjorden Arena er fagarbeidarane i full aktivitet om dagen.

Betongarbeidarar i symjehallen i Hjeltefjorden Arena. Foto: Brødrene Ulveseth AS.


I den lokale byggebransjen merkar dei førebels lite til korona-effekten. Hos Brødrene Ulveseth AS er det full aktivitet på alle anlegga. Heller ikkje nokon av underleverandørane har meldt om permitteringar, seier dagleg leiar Inger Kristin Ulveseth til nettavisa Tunnelsyn.no.

Entrepenørverksemda har kontrakt på fleire store prosjekt i Øygarden. Symjehallen i Hjeltefjorden Arena er det største. Nærare 40 tilsette frå Brødrene Ulveseth og samarbeidspartnarane deira jobbar i desse dagar på spreng for å få ferdig prestisjeanlegget.

-Vi prøver å halda hjula i gang, så godt vi kan, seier Ulveseth.

4 – 5 nye

Spent på kven som søkjer dei utyste jobbane, dagleg leiar Inger Kristin Ulveseth i Brødrene Ulveseth AS.


Samstundes som stadig fleire verksemder vert nøydde til å stengja ned, eller varslar permitteringar, tyr Brødrene Ulveseth til motsette tiltak. Der er dei på leit etter fire – fem nye medarbeidarar. Maskinførarar, betongarbeidarar, murarar, prosjektleiarar og anleggsleiarar er alle velkomne til å søkja, seier den daglege leiaren i familieverksemda.

-Vi har fått veldig mange søknadar alt, trass i at søknadfreisten enno ikkje har gått ut. Dei aller fleste er fagarbeidarar som alt har jobb, og som vurderer å skifta beite, seier Ulveseth.

I karantene
Sjølvsagt merkar dei konornaen, dei og. Nokre av dei tilsette er polakkar som jobbar turnus i Norge. Det er skapar utfordringar slik situasjonen er nett no. Fleire av dei dyktige medarbeidarane sit fast i heimlandet og vil verta sette i karantene om dei freistar returnera til Norge etter frivekene sine. Andre har motsett problem – dei kjem seg ikkje heim til Polen. Då ein av medarbeidarane nyleg mista mor si, vart løysinga å videooverføra gravferda.

-Vi merkar det er langt mellom Polen og Norge om dagen. Men vi prøver å ta vare på dei tilsette så godt vi kan, seier Ulveseth.

Omsorgspermisjon
Stengte barnehagar og barneskular bidreg og til å skapa utfordringar for framdrifta i prosjekta om dagen, fortel Ulveseth.

-Ein del av dei norske som jobbar hos oss må vera heime i omsorgspermisjon. Vi har og fleire som sit i karantene, anten med symptom på korona eller fordi dei har vore på reise i utlandet.

One thought on “Her søkjer dei etter nye medarbeidarar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.