Kvar tredje butikk held stengt

…men omsetninga på Sartor Storsenter har gått mindre ned enn reduksjonen i talet på butikkar skulle tilseia.

Dei få handlande møter stadig fleire stengte butikkar på Sartor Storsenter.

Det er krevjande tider for eigarselskapa på Sartor Storsenter som følgje av koronapandemien. Heile 48 av dei 123 butikkane held no stengt, enten på grunn av pålegg frå helsestyremaktene, eller på grunn av inntektssvikt, seier direktør Thomas Skålnes i driftsselskapet Sartor Storsenter AS til nettavisa Tunnelsyn.no.

Les: No får butikkane utsetjing med husleiga

Omsetninga rapporterer butikkane inn til driftsselskapet kvar veke. Dei siste tala viser at den samla omsetninga på handlesenteret har gått mindre ned reduksjonen i talet på butikkar skulle tilseia. Samanlikna med same veka i fjor opplevde butikkane ein samla reduksjon i salsinntektene på 30 prosent, ifølgje Skålnes.

-Det verkar som om folk er blitt meir medvitne på kva dei handlar, seier direktøren for driftsselskapet Sartor Storsenter AS.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.