Skular og barnehagar framleis stengt

Dei vart skuffa dei som hadde håpa at Regjeringa i dag skulle letta på dei strenge korona-restriksjonane.

Erna Solberg vil tidlegast letta på dei strenge korona-restriksjonane etter påske. Utsnitt frå Regjeringa sin videokonferanse 24. mars.

Etter to veker med korona-restriksjonar var det knytta store forventningar til statsminister Erna Solberg sin pressekonferanse i dag.

-Det vert nye veker med sterke bergensningar på kvardagen vår.

Skular og barnehagar vil framleis vera stengt, i alle fall fram til 13. april, laud statsministeren sin bodskap til alle dei som hadde håpa på ein gradvis normalisering av kvardagen.

Les: Vi set kvardagen på vent

Samstundes vert det innført nye begrensningar på korleis nordmenn bør omgåast, og kor mange som kan vera samla på ein stad, samstundes.

Les: Slutt på leiken – stengjer leikeplassar og idrettsanlegg

Regjeringa grunngjev oppretthaldinga av dei strenge restriksjonane med behovet for å få ned smittetalet. Då koronaen først braut ut, smitta kvar korona-sjuk i snitt 2,4 personar. Klarar vi få smittetalet ned til under ein, vil biruset gradvis dø ut, ifølgje Solberg.

– Dette gjer vi for dei vi er glade i. For at dei skal få behalda livet, seier statsministeren.

– Vi må unngå å koma i ein situasjon der vi ikkje klarar å hjelpa dei som treng hjelp, det vera seg både korona-smitta og andre sjuke, seier Solberg.

I tilfelle det liekvel ikkje går bra, har sjukehusa landet over sett i gang ei opptrapping av beredskapsaktivitetane.

Solberg ser samstundes noko positivt i situasjonen:

-Dette er ei tid som også får fram det kreative i oss.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.