Føreslår å setja kommunestyret på sidelinja

Kommunestyrerepresentantane i Øygarden kan ta ferie. Formannskap og ordførar bør få krisefullmakt frå no og fram til september.

Ordførar Tom Georg Indrevik (H) kan få all makt til å avgjera hastesaker.


Kommunestyret i Øygarden skal i eit fjernmøte i morgon behandla spørsmålet om krisefullmakt til formannskap og ordførar under korona-krisa. Møtet vil verta overført via kommunen sitt nett-tv.

Forslaget er langt meir inngripande i lokaldemokratiet enn den «sommarfullmakta» til ordføraren som Tom Georg Indrevik (H) skisserte ovanfor nettavisa Tunnelsyn.no sist veke.

Les: Samlar stadig meir makt

Prinsipielle saker
Her føreslår kommunedirektøren at formannskapet bør fatta vedtak i saker som skulle vore avgjort av kommunestyret. Forslaget vil også omfatta prinsipielle saker. Kommunestyret skal berre få informasjon om vedtaka i ettertid.

Samstundes vert det føreslege at ordføraren bør få mynde til å ta avgjerd i saker som hastar så mykje at det ikkje er tid til å kalla inn til fjernmøte i formannskapet.

Skuldar på administrativt meirarbeid
Som bakgrunn for forslaget om å setja kommunen sitt øvste folkevalde organ på sidelinja viser kommunedirektøren til den ekstraordinære situasjonen korona-krisa har sett landet i.

Det er vanskeleg og lite formålsteneleg å leggja beslag på administrative ressursar til å kalla inn og leggja til rette for fjernmøte i kommunestyret, argumenterer kommunedirektør Rune Lid i saksgrunnlaget.

Teknisk løysing
Øygarden kommune har, etter det nettavisa Tunnelsyn.no kjenner til, dei siste dagane testa ut standard programvare for avvikling av politiske møter via internett og video. Når kommunepolitikarane vert fortrulege med teknologien vil det innebera lite meirarbeid for administrasjonen å setja opp fjernmøter, samanlikna med å kalla inn til eit ordinært politiske møte.

Les: Planlegg å avvikla politiske møte frå heimekontor

Til 31. august
Stortinget kutta sist veke forslaget om krisefullmakt til Regjeringa frå ein halvt år til ein månad. I Øygarden bør formannskapet og ordførar få ei tilsvarande fullmakt fram til 31. august, vert det tilrådd.


One thought on “Føreslår å setja kommunestyret på sidelinja

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.