Fylkeskommunen tek grep om bustadbygginga

Med regionalt bustadprogram planlegg Vestland fylkeskommune å ta kontroll over bustadbygginga i Øygarden.

Regionalt bustadprogram skal samordna bustadbygginga i Bergens-området. Arkivbilete.

Byvekstavtalen sin nullvisjon for vekst i personbiltrafikken vekte skepsis hos lokalpolitikarar med ønskjer om å utvikla bygdene. Ikkje før har byvekstavtalen blitt vedteken med knappast mogeleg fleirtal, før Vestland fylkeskommune føl opp med eit forslag om korleis organisera arbeidet med ein ny, felles arealpolitikk for Bergensområdet.

Les: Stor usikkerhet om behovet for lokal bustadbygging

Vekstsoner
Det skal utarbeidast eit felles regionalt bustadprogram for Øygarden, Bergen, Askøy, Alver og Bjørnafjorden. Programmet skal vera retningsgjevande for den kommunale planlegginga.

Tiltaket inngår i oppfølginga av Regional areal og transportplan for Bergensområdet 2017 – 2028. Her vert det slege fast at veksten i bustadar og arbeidsplassar i hovudsak bør koma innanfor regionale vekstsoner.

Programmet skal mellom anna ta stilling til lokaliseringa av framtidige bustadområde.

Bustadbehov
Programmet skal og ivareta den sosiale bustadbygginga i Bergensområdet. Her vert det lagt opp til å tilpassa framtidige utbyggingar til endringane i bustadbehov ettersom folkeveksten stagnerer og innbyggjarane vert eldre.

Les: Hestetun fryktar overskot av nye bustadar

Politisk referansegruppe
Fylkesutvalet skal torsdag vedta etablering av ei politisk referansegruppe der kommunane skal inviterast til å delta. Det vert føreslege at ein politikar frå kvar kommune skal delta.

Det vert lagt opp til at den politiske referansegruppa skal avvikla minst to møte i 2020.

Husbanken
Det er Husbanken, saman med Vestland fylkeskommune, som skal stå for sjølve arbeidet. Staten, ved kommunal og moderniseringsdepartementet, skal ta halvparten av rekninga på 2,3 millionar kroner. Kommunane skal bidra med 300.000 kroner kvar.


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.