Her kan det verta korona-hotell

Brakkehotellet på CCB kan verta teken i bruk til konona-sjuke.

Brakkehotellet på CCB vart bygd for å huse tilreisande vedlikehaldsarbeidarar på offshoreinstallasjonar og har seinare mellom anna vore nytta som flyktningemottak.

Øygarden kommune har i dag inngått intensjonsavtale med Ågotnes Næringspark om å leiga delar av brakkehotellet på CCB til korona-pasientar, orienterte ordførar Tom Georg Indrevik (H) under dagens videooverførte kommunestyremøte.

Kriseleiinga i Øygarden ser for seg eit scenario der kommunen enno har det verste framfor seg når det kjem til korona-pandemien. Dei planlegg no i henhald til at det verste kan koma til å skje.

Om skrekkscenariene for korona-pandemien slår til, kan det verta aktuelt å innlosjera korona-sjuke i eindel av dei 352 enkeltroma med dusj og toalett på brakkehotellet, ifølgje Indrevik.

One thought on “Her kan det verta korona-hotell

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.