-Hald avstand og følg smitte-råda

Kriseleiinga i Øygarden kommune har stor forståing for dei som ønskjer å ta turen ut i naturen straks vêrgudane tillet det, men akkurat no kan det vera utrygt.

HALD AVSTAND: Om øygardsstrilane ikkje føl smitte-råda frå Folkehelseinistuttet om å halda avstand, kan kommunen verta nøydd til å strengja dei mest populære turområda, åtvarar ordførar Tom Georg Indrevik og kulturleiar Christel Møvik-Olsen.

Vegen opp mot Fjell Festning er ein av dei mest populære turvegane i kommunen, noko som vekkjer uro hos ordførar Tom Georg Indrevik. Det er rett og slett altfor mange som nyttar området no i desse korona-tider.

– Vi oppfordar folk om å følgja smitteråda om halda avstand og ikkje samla seg i for store grupper, seier ordføraren.

Som ei høfleg påminning var han i dag med på å setja opp skilt ved byringa av festningsvegen med påminning om å halda avstand.

-Vi vil helst ikkje verta nøydde til å stengja turområda, sjølv om det er noko vi vil ha til vurdering fram mot påske. Å stengja vil vera ei trist løysing. Eg har difor stor tillit til at folk føl råda frå Folkehelseinsituttet, seier Indrevik.

Tilsvarande skilt vil og verta sett opp ved kommunale leikeplassar og idrettbanar, og ved dei største private anlegga, seier kulturleiar Christel Møvik-Olsen.

 

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.