Tok forbehald mot bompengar på «vegstubben» frå Kolltveit til Ågotnes

Nei til bompengar og naturverdiar. Nyevegen frå Kolltveit til Ågotnes bør finansierast med statlege midlar.

Ny «stamveg» nord – sør i nye Øygarden vil få ti bruer, fire tunnelar og fleire kompliserte kryss. Høgholmen bru over Fjæreidpollen vert 510 meter lang og den lengste av dei ti bruene.

Med 39 mot seks røyster vedtok fleirtalet i kommunestyret i Øygarden at planane for ny Fv. 561 frå Kolltveit til Ågotnes bør omklassifiserast frå fylkesveg til riksveg i samband med rulleringa av Nasjonal Transportplan.

Les: No startar kampen om vegmilliardane

Forslaget er einaste innspelet frå kommunen til Vestland fylkeskommune som samordnar dei kommunale prioriteringane for framtidige samferdsleutbyggingar i statleg regi. Vinn forslaget fram i Vestland, vil vegen kunna finansierast med statlege midlar, og sleppa komkurrera om kronene med dei mange fylkeskommunale vegprosjekta.

Plananen om å flytta Bergen havn til Ågotnes er eit sterkt argument for omklassifisering, fekk Marianne Sandahl Bjorøy (A) kommunestyrt med seg på.

Einar Jacobsen og FMB fekk fleirtalet i kommunestyret med seg på at nyevegen frå Kolltveit til Ågotnes bør finansierast fullt ut med statlege midlar, utan bompengar.

Vegstubb
Varaordførar Atle Dåvøy (KrF) støtta forslaget om å få havneargumentet inn i vedtaket. Ein «vegstubb» var varaordføraren sin karakteristikk av den nær 10 kilometer lange vegen med ein førebels prislapp på oppunder tre milliardar kroner.

Folkeaksjonen mot bompengar og Einar H. Jacobsen ser poenget om at staten bør finansiera vegen til den nye nasjonale storhavna på Ågotnes. Staten bør ta heile rekninga, utan krav om bompengar, fremma han forslag om.

-Vegen vil ikkje verta bygd i denne valperioden. Det vert ikkje rett av oss å binda opp eit framtidig kommunestyre, innvende Egil Håland (A).

Feia til side naturverdiar
MDG og Maria Thomassen kom til kort i argumentasjonen om at naturverdiane i friluftsområdet Midtmarka bør bevarast.

Les: Mobiliserer mot motorveg gjennom Midtmarka

-Vegen er vedteken. Det er ikkje det vi behandlar no. Omklassifiseringa endrar ikkje på det, innvende ordførar Tom Georg Indrevik (H).

Avstemminga viste at 39 av dei 45 kommunestyrerepresentane røysta for omklassifisering. MDG (2) og FMB (4) røysta mot.

Tillegget frå FNB om 100 prosent statleg finansiering utan bompengar vart vedteke mot røystene frå MDG (2) og Ottar Vik (KrF).

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

One thought on “Tok forbehald mot bompengar på «vegstubben» frå Kolltveit til Ågotnes

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.