30 lokale turforslag

Turalternativa i Øygarden er mangfaldige. Kystpasset 2020 gjev friluftsglade heile 30 ruter å velja mellom. Ta gjerne med fiskestonga.

Øygarden byr på eit variert turterreng. Ikkje all rutene går i sjøkanten.

Tida oppmuntrar til friluftsliv, men utan å gå i flokk. Festningsvegen er langt frå einaste alternativet for friluftsglade øygardsstrilar.

Årets Kystpass viser veg til 30 ulike ruter, spreidd frå Selekletten i sørvest til Rubbegarnståna i nord. Ti turforslag i kvar av dei tidlegare kommunane.

Mange av rutene går heilt i sjøkanten. Då kan det vera greit å vita at det er fritt fiske i store delar av kommunen, med unntak av Fjellspollen, Fjellavassdraget og Litlepollen. Ta gjerne med fiskestonga, oppfordrar redaktørane.

Eindel av turane er nye av året.  Alle rutene skal vera merka, sjølv om ikkje alle stiane er like godt tråkka. Turlaga har vore flinke å leggja ut kloppar i våte parti på dei mest populære turane. Gummistøvlar kan likevel vera eit godt tips, unnateke i svært tørre periodar.

Ver obs på at vanskelegheitsgraden varierer. Ruta til Brotavarden er for vidarekomne, særleg om du startar på Telavågsida.

I Kystpasset 2020 kan du få forslag å utforska øyane våre; Algrøy, Lerøy og Tyssøy er alle komne med. Du får og tips om kajakkturar.

Medan innbyggjarane i dei fleste bygdene kan gleda seg over at naturopplevinga startar like utanfor stovedøra, er det langt til nærturterrenga på Litle Sotra. Fleirtalet av innbyggjarane må difor belaga seg på å starta turen med bil.

Les: Eit uoppdaga tureldorado

For dei som har med barnevogn, eller som er avhengig av rullestol, er turen til Larslivatnet (Kyrkjevegen frå Foldnes kyrkje til Hjelteryggen) einaste alternativ.

Kystpasset 2020 er trykt opp i 10.000 eksemplar, og skal kunna hentast gratis på butikkane i kommunen, seier kulturleiar Christel Møvik-Olsen.

Du kan lesa Kystpasset 2020 her.

Under kategorient «Helgeturen» har på nettavisa Tunnelsyn.no finn du inspirasjon både til lokale fotturar og til oppdagingsferder med bil.

 

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.