Sakna dynamikken som er i fysiske møte

Det videooverførte fjernmøtet i kommunestyret i Øygarden torsdag vert truleg det første og einaste – i alle fall på ei tid. Teknikken er noko av forklaringa.

MØTTES PÅ SKJERMEN: Ordførar Tom Georg Indrevik (H) avvikla kommunestyremøte med dei øvrige 44 kommunestyremedlemmane på dataskjermen. Berre kommunedirektør Rune Lid og ei handfull administrative nøkkelpersonar var tilstade i salen.

Istaden for å samla kommunestyret til videooverførte fjernmøter i månadane framover, valgtekommunestyret mot MDG sine to røyster, sist torsdag å delegera makta til eit utvida formannskap i månadane framover.

Les: Gav makta til formannskapet

Teknologien fungerte. Sjølve fjernmøtet og videooverføringa gjekk greit, kunne dei meir enn 300 som følgte møtet via kommunen sitt nett-tv, bekrefta.

Les: Planlegg å overføra politiske møte frå heimekontor

Etter litt prøving og feiling fekk samtlege 45 kommunestyrerepresentantar kontakt med ordførar og kommunedirektøren i kultursalen på rådhuset. Berre ei handfull administrative nøkkelpersonar var fysisk tilstade i kultursalen.

-Når det gjeld det tekniske tenkjer eg det var ok, men vi har nok ein veg å gå for å få alt på plass. Merker også at det kan vera utfordrende i forhold til dårleg lyd frå dei einskilde, oppsummerer ordførar Tom Georg Indrevik (H) er faringa i ein epost til nettavisa Tunnelsyn.no

Særleg verka det som om ordføraren si partifelle Nils Kåre Skoge hadde problem med kvaliteten på sambandet.

Sjølv om teknologien fungerte etter intensjonane, var det likevel eindel ved situasjonen som ordføraren sakna.

-Eg sakna den dynamikken som vanlegvis skjer under ordinære møte. Her var det ikkje lagt tilrette for at partia skulle kunna halda gruppemøter undervegs. Det var heller ikkje lagt opp til at gruppeleiarane for dei politiske partia skulle kunna rådføra seg med kvarandre under møtet, utdjupar Indrevik ovanfor nettavisa Tunnelsyn.no.

 

 

 

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.