Foreslår å dela opp OPS-kontrakten

Situasjonen kring koronaviruset kan koma til å forseinka Sotrasambandet, fryktar stortingsrepresentant Ruth Grung (A).

Stortingsrepresentant Ruth Grung, (A) Foto: Stortinget

Korona-restriksjonane tilseier at det ikkje vil vera mogeleg å gjennomføra prekvalifiseringa av dei potensielle utanlandske entrepenørverksemdene innan rimeleg til, hevdar Grung.

Les: For stort for norske entrepenørar

I eit spørsmål til samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF), spør stortingsrepresentanten korvidt han vil dela opp OPS-kontrakten på Sotrasambandet i 3 – 4 totalentrepriser. Då vil norske entrepenørar kunna ta på seg oppdraget, og sikra at det kjem ut i marknaden tidlegare enn ved eit offentleg – privat samarbeid.

Hareide har tidlegare hevda det ville vore ulønsamt og lite effktivt å dela opp OPS-kontrakten til 10 milliardar kroner.

Les: Samferdselsministeren om OPS-kontrakten

Når unntakstilstanden som følgje av pandemien går over, vil det vera stort behov for å få opp att aktivitetsnivået i norsk arbeidsliv, grunngjev Grung spørsmålet.

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

2 thoughts on “Foreslår å dela opp OPS-kontrakten

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.