Lokal innovasjon gjev smittevernutstyr til ein brøkdel av prisen

Lærlingen Sander Fondenes i Øygarden kommune produserer kritisk smittevernmateriell til ein brøkdel av prisen – via Facebook.

Lærling Sander Fondenes i Øygarden kommune med plastvisiret han har laga ved hjelp av ein 3D-skrivar. Foto: Vigleik Brekke/ Øygarden kommune.

Det er knapphet på dei fleste typar smittevernmateriell under korona-pandemien. Lærlingen Sander Fondenes i Øygarden kommune er eit godt eksempel på at vi nordmenn er i stand til å tenkja nytt når krisa trugar, slik statsminister Erna Solberg oppfordrar til.

Via Facebook har Fondenes fått tilgang til ein 3D-skrivar som set han i stand til å produsera plastvisir til helsepersonell.

Visira produserer han av lamineringsplast han kjøper for 100 kroner kiloet. Å produsera eit visir kostar kring 10 kroner. Skal helsetenesta kjøpa visiret frå ein kommersiell produsent kostar det dei kring 200 kroner stykket, ifølgje heimesida til Øygarden kommune.

Legane Micaela Thierley og Erhard Lohse har tenkt i same banar, og produserer eit visir med ei litt anna utforming. Saman kan dei no sørgja for at helsepersonellet i Øygarden har sikra forsyninga av nett denne typen kritisk smittevernutstyr.

-Med litt dugnadsinnsats vil det vera mogeleg å podusera eit 100-tals visir i løpet av ein ettermiddag, seier Micaela Thierley.

Dei lokale innovatørane overleverte i dag visira til kommunelege Stein-Inge Stigen og smittevernlege Jens Eikås.

Smittevernlege Jens Eikås skryt av dei lokale innovatørane. Dei lokalproduserte visira vil koma godt til nytte i ein situasjon der det for tida er stor mangel på akkurat denne typen smittevernutstyr:

– Desse visira vernar like godt og er like gode i bruk som dei vi har kjøpt på den kommersielle marknaden for nærare to hundre kroner. Dette er innovasjon på sitt beste, og dei som kjem med dei fortener verkeleg stor ros, seier Eikås til kommunen si heimeside.

 

 

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.