Tapar stort på korona-pandemien

Øygarden kommune ser ut til å villa tapa ein stad mellom 100 og 140 millionar kroner som følgje av korona-pandemien.

Fryktar økonomisk baksmell som følgje av korona-pandemien, Anne Erdal, kommunalsjef for økonomi. Foto: Øygarden kommune.

Korona-pandemien vil få store konsekvensar for kommuneøkonomien i Øygarden.

Nær 2.000 oygardsstrilar er for tida permitterte som følgje av den ekstraordinære situasjonen på arbeidsmarknaden. Dei kjem på toppen av dei kring 700 som frå før var registrerte som ledige, kunne ordførar Tom Georg Indrevik fortelja det utvida formannskapet i dag.

Korona-pandemien fører til auka utgifter på einskilde område, samstundes som kommunen tapar skatteinntekter og inntekter på tenester dei ikkje lenger kan levera, som SFO og barnehage, seier kommunalsjef for økonomi Anne Erdal.

I følgje KS risikerer kommunane å tapa ein stad mellom 17 og 22 milliardar kroner på pandemien. Utrekna i høve til folketalet vil dette innebera eit tap på mellom 100 og 140 millionar kroner for Øygarden kommune, iføljge Erdal.

Reduserte skatteinntekter som følgje av dei mange permitteringane vil aleine utgjera ein stad mellom 36 og  45 millionar kroner.

Signala frå Regjeringa tilseier at delar av tapet vil verta kompensert gjennom ulike tiltakspakkar. Nyleg kom meldinga om at Øygarden vil få auka rammeinntekta med 3,75 millionar kroner.

 

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

4 thoughts on “Tapar stort på korona-pandemien

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.