SV føreslår sosial dumping

I ei tid der mykje plutseleg er snudd på hovudet, føreslår SV si Eva Aarskog like godt at Øygarden kommune bør driva sosial dumping.

Eva Aarskog (SV). Bilete frå valkampen.


Det var i samband med ordførar Tom Georg Indrevik si orientering om korona-situasjonen i det utvida formannskapsmøtet i går at Eva Aarskog (SV) tok til orde for at kommunen bør vurdera å krevja arbeid for trygd.

Les: Tapar stort på korona-pandemien

-Mange arbeidsoppgåver er sett på vent. Kan det vera ein ide å krevja arbeid for trygd, spurte Aarskog. Indrevik lov å tenkja på det.

Meir enn 2.500 øygardsstrilar har plutseleg mista jobben eller er permitterte. NAV skal forskottera dagpengar for dei som har rett på det, men har utsett utbetalingane i påvente av eit nytt datasystem.

Sosial trygd inneber ei månadleg utbetaling på vel 6.000 kroner for ein einsleg. Fordelt på ei normal arbeidstid vil det utgjera ei timeløn på kring 36 kroner timen.

Det er nettopp for å hindre sosial dumping at Stortinget har innført minstelønssatsar i ei rekkje bransjar. Desse varierer frå vel 100 kroner til 210 kroner timen, avhengig av alder, utdanning og bransje.

I ein situasjon som er utruleg krevjande for dei svakast økonomisk stilte utan nokon økonomisk buffer å trekkja på, er det altså at den lokale representanten for SV tek til orde for at kommunen bør utnytta arbeidskrafta deira til vilkår som bryt med alle lovar om minsteløn. Lovar som SV har vore med på å tvinga gjennom i Stortinget.

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

One thought on “SV føreslår sosial dumping

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.