Fleire ramma av korona

Ein person frå Øygarden er i dag lagt inn på Haukeland universitetssjukehus med korona.

Tre pasientar er for tida innlagt på korona-avdelinga ved Øygarden lokalmedisinske senter. Ein pasient er utskriven.

Vedkomande er ein av to personar som i dag har testa positivt på sjukdomen, melder Øygarden kommune.

Totalt er det no 36 personar busett i kommunen vår som er eller har vore smitta av korona.

Seks av dei er erklært friske og er ikkje lenger i isolasjon. Pr. dato (3. april) er det dermed 30 personar som er smitta av koronavirus og som er i isolasjon i Øygarden kommune.

To pasientar kom i dag inn til behandling i koronaavdelinga i Øygarden lokalmedisinske senter på Straume. Eín person er ferdig behandla i avdelinga. Det er no tre pasientar til behandling på avdelinga på Straume.

Gravide
For å redusera smittefaren har helsestasjontenesta i dag oppretta eit eige lokale i Grønamyrvegen 4 for å ta mot gravide og barselkvinner som er eller kan vera koronasmitta.

Tiltaket er kome i stand i samarbeid med smittevernlege, flyktningtenesta og eigar av bygget og reinhald. Bemanninga er samansett av jordmødrer og helsesjukepleiarar. Desse har god kunnskap i å handtera smittevernustyr og å vurdera mor og barn.

– Vi er opptekne av at det skal vera trygt for alle å koma til oss. Alle skal få likeverdige tenester sjølv om ein skal vera så uheldig å verta smitta av korona. Einaste forskjellen på ein konsultasjon i desse lokala og på helsestasjonen er bruk av smittevernutstyr og reinhald av lokalet etter ein konsultasjon. Vi håpar sjølvsagt at dei vert brukt minst mogleg, men skulle nokon verta smitta skal dei få god hjelp og oppfølging, seier einingsleiar for barne, unge og familietenester, Berit Algrøy.

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.