I denne bransjen er flest ramma

Talet på registrerte arbeidsledige i Øygarden auka med 222 prosent i mars.

Utviklinga i talet på registrerte heilt ledige i Øygarden i mars 2020, ifølgje NAV.

Det var ved utgangen av mars registrert totalt 2.234 arbeidsledige i Øygarden. Det er heile 1.539 fleire enn for berre ein månad sidan, ifølgje NAV.

Heile 1.992 av dei ledige var permitterte.

Størst utslag har korona-pandemien fått innan varehandelen. 479 ledige i denne sektoren tilseier at 21 prosent av dei tilsette no står utan ein jobb å gå til.

Les: Korona-effekten lammar arbeidslivet

Innan overnatting og servering har heile 47 prosent av dei tilsette søkt om dagpengar siste vekene.

Private tenester generelt er og hardt ramma. 234 ledige inneber at 39 prosent av dei tilsette i denne sektoren no er meldt ledige.

Ringverknadar
Verd å merka seg er det at i denne krisetida har talet på personar på tiltak gått ned, frå 144 ved utgangen av februar til 128 ved utgangen av mars. Då desse ikkje har rett på dagpengar, bør det vera interessant å sjå korleis reduksjonen har påverka talet på søknadar om kommunal sosial stønad.

Les: Har ikkje rett på dagpengar

Eksplosjonen i talet på arbeidsledige vil få alvorlege konsekvensar på mange område. Kommunalsjef Anne Erdal i Øygarden fryktar at kommunen vil tapa skatteinntekter i storleik ein stad mellom 36 og 45 millionar som følgje av korona-pandemien.

Les: Tapar stort på korona-pandemien

Også i Vestland har talet på ledige eksplodert siste månaden. Her er det no registrert 34.274 heilt ledige.

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

One thought on “I denne bransjen er flest ramma

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.