Øygardsstrilane handlar grønt

17 prosent av bilane på vegen i Øygarden er no ein elbil.

Øygardsstilane tenkjer grønt. Talet på elbilar i kommunen auka med 29 prosent i fjor, samanlikna med 2018. Talet på bensindrivne og dieseldrivne bilar gjekk ned.

 

 

Det offentlege avgiftsregimet har i fleire år gjort elbilane til dei mest populære hos nybilkjøparane i Øygarden. Heile 72 prosent av nybilane i kommunen i fjor var ein elbil, ifølgje Opplysningsrådet for Vegtrafikken.

Les: To bilmerke kjempa om strilane si lommebok

Sterk vekst
Totalt var det ved årsskiftet heile 20.800 personbilar registrert i Øygarden.

Elbilane sin andel av bilparken i kommunen auka med nærare 29 prosent i fjor, samanlikna med året før, ifølgje SSB.

På top-ti
3.364 elbilar med adresse i Øygarden tilseier at elbilane no utgjer 17 prosent av den lokale bilparken. Ein prosentandel som tilseier at kommunen ligg på 10. plass i landssamanhang, ifølgje Tu.no.

Askøy toppar landsstatistikken. Der går 26 prosent av bilparken på straum. Her auka talet på elbilar med 15 prosent i fjor, ifølgje SSB.

Diesel dominerer
Til samanlikning gjekk talet på bensinbilar ned med 5,7 prosent, og talet på dieselbilar ned med 2,5 prosent i Øygarden.

Framleis er det dieselbilane som dominerer den lokale bilparken. Heile 8.802 bilar går på diesel, mot 6.619 bensinbilar.

 

 

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.