-Vil forseinka Sotrasambandet med fleire år

Dei lokale FrP-toppane Svein Otto Jacbosen og Helje Andre Njåstad rasar mot forslaget om å splitta OPS-kontrakten på Sotrasambandet.

-No handlar det om å få bygd Sotrasambandet, seier Stortingsrepresentant Helge Andre Njåstad (FrP).

Det er stortingsrepresentant Ruth Grung (A) som har fremma forslag om å splitta OPS-kontrakten på Sotrasambandet slik at det kan verta mogeleg for norske entrepenørar å leggja inn bod, Forslaget skal behandlast i Stortinget 19. mai i samband med Transportkomiteen si innstilling for korleis styrka norsk anleggsbransje i desse korona-tider.

Les: Foreslår å dela opp OPS-kontrakten

Grung føreslår å omgjera utlysingane av kontraktane både på Sotrasambandet og på Hålogalandvegen. Arbeiderparti-representanten ser for seg at forslaget vil gå gjennom i Stortinget med FrP si hjelp.

Rasar mot forslaget
Då har Grung ikkje fått med seg stemninga i FrP sitt lokalparti i Øygarden. Der vert forslaget møtt med sinne:

-Prosessen med Sotrasambandet har kome for langt til at OPS-kontrakten kan delast opp. Eit slik tiltak vil forseinka anleggsstarten på Sotrasambandet med kanhende opptil 3 – 4 år, rasar ein oppgjeven Svein Otto Jacobsen som er utvalsleiar for plan i Øygarden.

-Dette er Arbeiderpartiet sitt forsøk på å få omkamp om OPS – ei finansieringsform dei ikkje likar, legg Jacobsen til.

Får støtte på Stortinget
Lokallagsleiaren får full støtte av partikolleger på Stortinget:
-Det er ikkje aktuelt å gjera noko som kan setja framdrifta på Sotrasambandet i fare. No handlar det om å få bygd sambandet. Det vil vi kjempa for i Stortinget, seier FrP sin stortingsrepresentant Helge Andre Njåstad til nettavisa Tunnelsyn.no.

Stortingsrepresentanten kjenner ikkje til Hålogalandsvegen. Han kan difor ikkje svara på korleis situasjonen er der, eller kva lokallaget i Nordland tenkjer om saka.

Skepsis
Njåstad medgjev likevel at det er ein gryande skepsis i FrP om OPS som finansieringskjelde:

– Staten har pengar. Det er ingen grunn til at vi skal låna pengar dyrare andre stadar, seier Njåstad.

Norske underleverandørar
Å omgjera anbodsutlysinga på Sotrasambandet til fleire mindre totalenrepriser, vil ta tid, er Jacobsen og Njåstad samde om. Dei ser likevel for seg at norske entrepenørselskap vil koma inn som underleverandørar på mindre delar av prosjektet.

-Utlysinga av slike underentrepriser vil ikkje bidra til ytterlegare forseinkingar, hevdar Njåstad.

-Det er ikkje slik det plutselig vil kry av kinesarar her, sjølv om det vert det kinesiske selskapet som får kontrakten. I Drammen, der den italienske tilbydaren held på med eit større oppdrag, er mange norske selskap hyra inn som underleverandørar, seier Jacobsen.

Les: For stor for norske entrepenørar

 

 

2 thoughts on “-Vil forseinka Sotrasambandet med fleire år

  1. Helt greit for min del. Den kan utsettes inn i evigheten. Jeg har ikke noe behov for ny bro hvor man må betale skjorta for å kjøre over. Interessant at Frp som liksom er mot bompenger er de som er mest rasende på utsettelse. Jada, jeg forstår at det er noen overordnede samfunnsinteresser her. Men for en bompengemotstander og tvungen bompengebetaler er ethvert nytt bompengeprosjekt en provokasjon. Det er det bompengetilhengere ikke forstår.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.