Etterlyser lokale artistar

Øygarden kommune inviterer lokale artistar til å delta i direkte overførte konsertar på nett.

Folkefesten i Sotra Arena avslørte at det er mange lovande kunstneriske talentar i Øygarden. Arkivbilete

Streaming av improviserte konsertar er eit heitt tema no i desse korona-tidar. No hiv Øygarden kommune seg på bølgja, og inviterer lokale artistar til å stå fram og visa kva dei kan på bibliotekscena.

Dagleg leiar Svein Ekrem i FriHuset på Ågotnes ser at lokale artistar slit i ei tid der det er forbod mot å arrangera konsertar som samlar større folkemengder.

– Dette er eit tilbod for at artistar og andre kan nå eit publikum også no i koronatida. Artistane kan til dømes få betalt via Vipps. Dei vil også få kopi av opptaket til eige bruk, etter at framsyninga er vist direkte, seier Ekrem til kommunen si heimeside.

Men det er ikkje berre musikalske framføringar som kan tenkjast å ha eit publikum på nett. Opplesingar og kåseri er andre sjangre som kan vera aktuelle.

Kvart innslag vil vera mellom 20 og 45 minutt.

Tiltaket er eit samarbeid mellom Øygardsbiblioteka, kulturadministrasjonen og kulturskulen. FriHuset vil står for det tekniske.

Interesserte bør ta kontakt med Svein Ekrem direkte.

One thought on “Etterlyser lokale artistar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.