Vil starta planlegging av ny skule på Vestsida

Utval for samfunnsutvikling ønskjer at planlegging av ny skule på Vestsida skal starta neste år.

Foreldra på Vestsida mobiliserte for å behalda Skålevik skule inntil ny skule står klar.

Skålevik skule overlevde skulesaneringa i Fjell i 2018 med eit naudskrik. Skulen har problem med asbest. foreldra fekk likevel lovnad om at ungane deira skulle få gå på skulen i heimemiljøet inntil ny skule står klar. Alternativet hadde vore å senda elevane til Ulveseth.

Les: Få svar på folkemøte om Skålevik skule

Ny skule på Vestsida var ei av SotraLista sine kampsaker i valkampen. Vestsida av Fjell er deira heimebane. Når dei kom inn med heile fem representantar i det nye kommunestyret, var engasjementet for den nye skulen ein viktig del av forklaringa.

Oppstart neste år
I dag vedtok utval for samfunnsutvikling av planlegginga av den nye skule bør starta neste år, og at finansieringa bør inn på økonomiplanen for 2021- 2024.

Eit forprosjekt til planlegginga bør starta alt denne hausten, vedtok utvalet.

I forprosjektet må ein avklara behovet for nye skule, storleik og tal på elevar.

Saka må og til behandling i utval for tenester og levekår, der Jan Utkilen er leiar.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.