Vurderer Gamle Straumsbrua som omkjøring for Sotrasambandet

Ei utbetring av Gamle Straumsbrua bør sjåast i samanhang med behovet for ei omkjøringsveg under anleggsperioden for Sotrasambandet, tenkjer dei i utval for samfunnsutvikling.

Denne brua frå 1920-talet ser prosjektleiinga for Sotrasambandet for seg kan verta omkøyring for kanhende så mykje som 15.000 bilar i døgnet på Sotrasambandet under anleggsperioden. 

Gamle Straumsbrua stod ferdig på 1920-talet. Den smale brua med berre eitt køyrefelt og utan fortau er skuleveg for ungane på Straume til Fjell ungdomsskule og Sotra vidaregåande.

Brua er den einaste av dei 17 kommunale bruene i Øygarden som er i ein slik tilstand at det er kritisk å få gjort noko med henne, ifølgje rådgjevar Terese Borgen.

Mange planar
Utbetra eller riva og byggja ny? Spørsmålet om kva som skal gjerast med brua har lenge skapt hovudbry på rådhuset i Fjell. 

Les: Gamle Straumsbru: Utbetra eller stengja?

Framtida for brua bør sjåast i samanhang med tre andre reguleringsplanar i området, vedtok utval for samfunnsutvikling i dag. Reguleringsplanen for trafikksikring av Gamlevegen over Bildøy ender ved utkøyringa på brua på vestsida. I reguleringsplanen for Straume Sjøfront vert det lagt opp til å utvida brua til to køyrefelt, med fortau. I tillegg har utbyggjar og nestleiar Ernst Morten Einarsen i utval for tenester og levekår store planar for eit utbygging av inntil 700 bustadar i Branndalsåsen på vestsida av brua. 

Les: Legg opp til konfrontasjon med Statens vegvesen

Omkøyringsveg?
No sist har prosjektorganisasjonen for nytt Sotrasamband i Statens vegvesen fremma forslag om Gamle Straumsbru som omkøyringsveg i anleggsperioden, ifølge Borgen.

Kring 1.500 bilar passerer i dag over Gamle Straumsbru dagleg. Som omkøyringsveg for Sotrasambandet kan den daglege trafikken fort koma til å utgjera 15.000 bilar i døgnet.

Utbetring
Fleirtalet i utval for samfunnsutvikling (H, FrP, SL og KrF) fekk gjennomslag for at den eksisterande brua bør utbetrast til ei bredde på 7,5 meter med to køyrefelt. Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Raudt hadde helst sett at den eksisterande brua vert riven og erstatta med ei ny.

Ei utbetring av dagens bru vert kostnadsrekna til oppunder 12 millionar kroner, eks. mva.

Utan fortau
Brua skal ikkje ha fortau. Gåande og syklande skal i staden henvisast til «Einarsen-brua» frå Straume Sjøfront til Branndalsåsen som ligg inne i regulerinsplanen for det planlagte byggjefeltet på vestsida av Straumsundet.

Utvalet ber om å få ei ny sak før sommaren der ei utbetring av dagens bru vert sett i samanhang med Sotrasambandet og tidlegare vedtekne reguleringsplanar 

 

3 thoughts on “Vurderer Gamle Straumsbrua som omkjøring for Sotrasambandet

  1. Skrekk og gru!!!!dette er slett ikke bra, men jeg er ikke overrasket. Jeg synes den gamle broen burde bevares som et flott kulturminne. Først tillater en bygging av blokker og annen bebyggelse tett på veien for deretter å slippe ca 15000 biler samme veien. I tillegg skal det bygges inntil 700 nye boliger på vestsiden av Straumssundet. Jeg regner da med at alle boliger langs denne traseen blir støyskjermet, slik som det er lagt opp for for de andre boligene langs Sotra sambandet. Gamleveien over Bildøy er en lokalvei og skolevei for mange elever. Til tider en det meget stor trafikk på denne veien om morgen og ettermiddag. Det er ingen forkjørsvei, selv om mange tilsynelatende tror det. Jeg er selv nesten blitt påkjørt flere ganger i fotgjengerfeltet v/Høgestølen. Jeg håper virkelig ikke politikerne går inn for å slippe så stor trafikk gjennom tettbygde strøk.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.