Diskuterte vikarbudsjettet

Er vikarbudsjettet i Øygarden urealistisk? Det er ei alle fall ein post med stor risiko. Kommunedirektør Rune Lid lovar ein omfattande analyse i forkant av revidert budsjett.

Spør om budsjettposten for vikarbruk er realistisk, kommunedirektør Rune Lid. Arkivbilete.

Dei raude tala i økonomirapporten for første kvartal vekkjer uro i formannskapet i Øygarden. Særleg dei store overskriding av budsjettpostane for sjukeløn og variabel løn til vikarar og ekstrahjelpar uroar dei folkevalde, kom det fram i dagens digitale møte.

Les: No eksploderer vikarbruken

Under budsjettbehandlinga sist haust vart det vedteke å kutta kostnadar tilsvarande 159 millionar kroner samanlikna med dei tre kommunane sett kvar for seg. Posisjonen kravde spesielt at kostnaden til vikarbruk skulle reduserast med 20 millionar, samanlikna med kommunedirektøren sitt framlegg.

Meirforbruk på 31 prosent
Fasit for første kvartal viste i staden ein eksplosjon i kostnadane til vikarar og ekstrahjelpar. Budsjettposten variabel løn avslørte ein meirforbruk på heile 31 prosent. Her viste rekneskapen ein kostnad på 53,9 millionar kroner, mot eit budsjett på 36,9 millionar

Overskridingane har hovudsakleg skjedd innan helse og velferd og oppvekst. På desse områda er det veldig ofte naudsynt å ta inn vikar ved fråvær, skriv kommunedirektøren i økonomirapporten.

Etterlyste plan
Kommunedirektøren framhevar budsjettposten «reduksjon i vikarutgifter» som ein av fem postar med stor risiko, og der det er usikkert om det det er mogeleg å oppnå budsjettkravet.

Det er ikkje berre å vedta å redusera vikarbruken med 20 millionar. Ein må også ha ein plan for korleis det skal gjerast, sa Maria Thomassen (MDG) og etterlyste ein slik plan frå posisjonen.

Be om hjelp
Andreas Kallekleiv (H) kunne ikkje sjå at politikarane har forsømt seg. Når eit budsjett er vedteke, er det kommunedirektøren sitt ansvar å følgja opp. Om han ser det er vanskeleg, bør han be om hjelp, men det har han ikkje gjort.

Er det realistisk?
-Det kan godt vera at kommunedirektøren kjem med forslag til justering i revidert budsjett, om han ser at det som ligg i budsjettet ikkje er realistisk, varsla Rune Lid.

I første omgang lovar kommunedirektøren å gjera ein grundig analyse av situasjonen, mellom anna sett i samanhang med eit urovekkjande høgt sjukefråvær.

Les: Ikkje overraska over vikarkostnadane

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.