Gjestekommentar: Øygarden treng eit likestillingsutval i desse corona-tider

Kriser slår ulikt ut for ulike grupper. Det er gitt eigne krisepakkar til einskilde grupper. Men kva med dei som ikkje kjem inn under desse?

Øygarden treng eit likestillingsutval som kan ivareta at også svake grupper vert ivaretekne i desse corona-tider, skriv Eva Aarskog.

Av Eva Aarskog, gruppeleiar Øygarden SV

At grupper kjem ulikt ut av kriser er kjent. Då er det viktig at ein er merksam på at kriser slår ulikt ut for ulike grupper. Då treng ein òg nokon som passar på, som ser til at utilsikta ulikskap kan verte retta på. Oftast er det «svake grupper» som kjem dårligst ut også i krisetider.

Dette er oppgåver som ligg til Likestillingsutvalet i det kommunale politiske apparatet. Øygarden kommune har ikkje fått på plass sitt likestillingsutval. Det er derfor viktig at dette vert valgt snarast slik at ein kan få nokon som ser til at svake grupper ikkje kjem dårleg ut av denne krisen.

Likestillingsutvalet skal sjå korleis politiske vedtak slår ut for ulike grupper. For gamle og unge, og alle midt imellom. For store og små familier. For innflyttarar og innfødde, for folk med og utan funksjonsutfordringar. For dei med god og dei med dårleg økonomi. Og for kvinner og menn.

Det er fleire grupper som treng offentleg bistand. Bistand det ikkje er like lett å få gitt i disse corona tider. Både fordi kravet om avstand kan gjere dette vanskeleg, og fordi dei som skal yte bistanden er omorganisert til andre oppgåver.

Korleis er situasjonen for ulike grupper og kva er konsekvensane av krisepakkane? Korleis slår dette ut for dei ulike gruppene? Treff det slik ein tenkte? Dette er det Likestillingsutvalet som har eit særleg ansvar for å sjå på.

Det er gitt eigne krisepakkar til ulike grupper. Men kva med dei som ikkje kjem inn under desse?

Må dei gå til NAV og søke sosialhjelp? Då må dei først nytte eigne midlar. Betyr det at unge i ei krisetid også må ta ut BSU, og kanskje tape alt dei har spart opp for å komme seg inn på framtidig boligmarked?

Korleis er det med andre grupperinger? Nokre har oppfylgjing frå det offentlege tilpassa deira trong i den grad det er mogleg å få det til. Det er like vel grunn til å sjå om det er tilstrekkeleg. For born med trong om særleg oppfylgjing, for personar med nedsett funkjsonsevne, med dei som har fysiske utfordringar og treng hjelp. Born som kanskje ikkje har det så godt heime og familier der det er valdsproblematikk – får dei den hjelpen dei treng?

Formannskap og kriseleiing har lange arbeidsdager og gjer sitt beste, men kan ikkje rekkje over alt. Då er det viktig at dei utval som skal sjå på dei ulike sidene av politiske vedtak er i funksjon og kan bistå og avlaste er på plass. Difor er tida no inne til at også Likestillingsutvalet kjem på plass og kan gå i gong med dette viktige arbeidet.



Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.