Kinesarane nådde ikkje opp

Tre prekvalifiserte  tilbydarar er tilbake i konkurransen om OPS-kontrakten til 17 milliardar kroner.

Slik vil den nye firefelts brua som skal binda Øygarden saman med Bergen sjå ut, ifølgje Statens vegvesen.

(Saka er oppdatert.)

OPS-kontrakten på nytt Sotrasamband vert stipulert til å ha ein totalsum på 17 milliardar kroner, medrekna prosjektering, bygging, drift og vedlikehold over 25 år, melder Statens vegvesen i ei pressemelding i dag.

Fire aktørar la inn bod. Statens vegvesen har i dag kunngjort at dei ønskjer å forhandla vidare med tre prekvalifiserte samarbeidskonstellasjonar. Dette er:

  • Sotra link bestående og eigd av FCC Construcción S.A., Salini Impregilo S.p.A., SK Engineering & Construction Co. Ltd. og Macquarie Corporate Holdings Pty Limited
  • ITIAS bestående og eid av ITINERA S.p.A., IHI Corporation og ASTM S.p.A.
  • Via Sotra bestående og eid av VINCI Concessions S.A.S., VINCI Highways S.A.S., Acciona Concesiones S.L. og Implenia Switzerland Ltd.

– De tre selskapa består av store aktører med erfaring frå gjennomføring av store samferdselsprosjekt med komplisert trafikkavvikling. Alle selskapa har i tillegg erfaring frå gjennomføring av alle fasane i kontraktsformen OPS; finansiering, prosjektering, bygging, drift og vedlikehald, seier Bettina Sandvin direktør for kontrakt og marknad i divisjon Utbygging i Statens vegvesen.

-Samtlige leverandørgrupperingar har knytta til seg støttende verksemder får Norge innan prosjektering, bygging, drift og vedlikehold. Dei vil truleg verta engasjert i arbeidet alt frå mai av, legg Sandvin til.

Dagens kunngjering betyr at den fjerde tilbydaren, China Communications Construction Company Ltd., ikkje passerte Statens vegvesen sine krav til prekvalifiserte entrepenørverksemder.

Kven som får oppdraget vert venteleg avgjort sommaren 2021.

Kontrakten er for stor til at det var aktuelt for norske entrepenørverksemder å leggja inn tilbod.

Les: For stor for norske entrepenørar

One thought on “Kinesarane nådde ikkje opp

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.