Køyrer på med regionalt bustadprogram

Høgre, FNB og FrP hadde helst sett at saka vart utsett. Fleirtalet i fylkesutvalet vedtok likevel å starta planlegginga av ein felles bustadpolitikk i Bergens-området.

Som ei oppfølging av den vedtekne planen for regional areal- og transport i Bergensområdet vil fylkespolitikarane ta grep om bustadbygginga i Øygarden, Askøy, Bjørnafjorden, Alver og Bergen.  Ei utvikling mange oppfattar som ei alvorleg overkøyring i kommunane sitt sjølvstyre, og som var ei av dei sterkaste innvendingane mot byvekstavtalen for Bergens-området.

Les: Fylkeskommunen tek grep om bustadbygginga

Storparten av diskusjonen i fylkesutvalet dreia seg om korvidt arbeidet bør sjåast i samanhang med arbeidet med det føreståande planprogrammet i Vestland. Eit forslag som vart nedstemt mot dei sju røystene til Høgre, FNB og FrP.

Marte Hammer (SV) skal leia den politiske referansegruppa. Terje Søviknes (FrP) vert nestleiar. Kvar av kommunane skal inviterast til å senda ein representant til referansegruppa.

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.