Ein vinnar i hagen

20 løk med villtulipan var noko av det hageeigaren grov ned i molda sist haust.

Fargeprakt. Tulipa praestans Shogun.


No får ho glede for innsatsen. Stjerneforma, gule med raude auge og to blomar på kvar løk, lyser dei opp på bakken.

Prosjektet inngår i hageeigaren si førebuing til pensjonsalderen. Villtulipanen skal spreia seg i den tørre, sandete bakken, er planen. Klyngene av høgreiste, raude tulipanar som pleier fryda augene i mai skal møta aukande konkurranse om merksemda i framtida.

Reise i tid og rom
For hageeigaren er det sjølvsagt å lesa seg opp på artane. Ein hobby kan fort utvikla seg til ei reise i tid og rom.

På underleg vis minnar tulipanen hageeigaren om songen «The Times They are a-changin». Ikkje berre er Bob Dylan sine klagande munnspeltonar ei påminning om at samfunnet har opplevd – og overlevd – store endringar på kort tid, også før koronaen. Songen oppsummerer og historia til ein av våre eldste kultiverte hageplantar.

Motige sjøfolk
Den populære hageblomen stammar opphaveleg frå Tyrkia og Midt-Austen. Til Europa kom han først på 1500-talet. Om lag samstundes som motige sjøfararar kvitta seg med forestillingen om at jorda var flat og at det difor burde vera mogeleg å sigla rundt kloden.

Krakk
I pietistiske Nederland vart tulipanen fort eit høgt verdsett statussymbol. Ein løk kunna kosta inntil ti årsløner for ein vanleg arbeidar – før bobla sprakk i 1637. Verdas første økonomiske krakk var eit faktum.

Katastrofen slo beina under mange håpefulle som hadde late seg riva med av tulipanmanien. Det endra likevel ikkje på det faktum at tulipanen er ein sjeldant vakker blome som er verd å dyrka i kraft av sine visuelle kvalitetar.

Blindpassasjer
Til Norge kom tulipanen truleg om lag på same tid som til Nederland. Først som utplanta i hagane til rike handelsmenn og embetsmenn. Men han sneik seg også inn i strandsona. I gamle seglskutehavnar langs kysten kan vi den dag i dag oppleva felt med forvilla tulipanar. Truleg kom dei som «blindpassasjer» i ballasten for fleire hundre år sidan.

Ein vinnar
Tulipanen finst i dag i eit uttal av sortar og fargar. Han er for lengst blitt ein heilårsblome. Bukettane med avskorne tulipanar du kan kjøpa på butikken for 39 kroner storparten av året vert likevel berre bleike surrogat til hjelp til å overleva mørketida.

Historia vitnar om at tulipanen er tilpassningsdyktig. Tulipanen er ein vinnar i hagen. Ein plante som lever opp til Dylan si strofe om «You Better Start Swimming or You Sink Like a Stone…»

Kjelder:
Årringen 2015, årsskrift for Arboretet og de botaniske hager, UiB
Wikipedia

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.