17. mai på ei flagglengdes avstand

Dette vert ein nasjonaldag du heilt sikkert vil minnast.

Det vert 17. mai-feiring dette året også, og dette vert ei markering av nasjonaldagen øygardsstrilane heilt sikkert vil minnast, lover ordførar Tom Georg Indrevik og kulturleiar Christen Møvik-Olsen i Øygarden.

Dei to lovar ei annleis feiring i koronaens år. Vanlegvis er feiring av nasjonaldagen eit grasrotarrangement på dei einskilde skulane. I år får dagen eit sterkare offisielt preg, seier Indrevik som har vore med å utarbeida programmet i samarbeid med 17. mai-komiteane kring om i kommunen, musikkorpsa og blålysetatane. 

Les: Blålys og sirener skal erstatta barnetoget 17. mai

Kortesjar
Barnetog vert det som kjent ikkje. Heller ingen arrangment på skulane. Fire bilkortesjar – ein i kvar del av kommunen – med blålysetatane i front, skal i staden bidra til å gje flest mogeleg av innbyggjarane nasjonalkjensle.

17. mai-komiteane er oppfordra om å pynta langsmed vegen og ordføraren oppfordrar innbyggjarane om å stilla langs rutene med flagg. På utvalde stadar vil det verta halde korpskonsertar.

Omsorgsinstitusjonar
Rutene er lagt opp til å gå innom flest mogeleg av omsorgsinstitusjonane i kommunen.  Slik vil langt fleire få oppleva dagen enn om arrangementa hadde vore begrensa til skulane, seier Indrevik.

Dei som har bilar dei ønskjer å visa fram, har høve til å gjera det, så framt dei melder bilen på i forkant, lovar Møvik-Olsen.

Flagglengdes avstand
-Sørg for at det vert ein 17. mai med ei flagglengdes avstand. Situasjonen er framleis svært sårbar, og no er det flest perosnar i 20-åra som vert smitta. Husk at smittevernreglane gjeld også denne dagen, oppfordrar Indrevik. 

Lokal-tv
For første gong skal øygardsstrilane dette året få vår eiga lokale tv-sending i anledning dagen. Slik kan du følgja med på det som skjer på pc-skjermen, utan å bevega deg frå sofakroken.

Den digitale sendinga startar klokka 11.00 og vil omfatta eit kulturprogram utvikla av Bibliotekscenen med lokale artistar og med gudsteneste i nyrestaturerte Gamle Hjelme kyrkje. Klokka 13.00 startar direktesendinga frå dei fire kortesjane. Alle leiarbilane vil ha kamera som tek opptak frå ferda minutt-for-minutt, lovar Møvik-Olsen. 

Heile programmet vert sendt i reprise kl. 18 – 21, med Svein Ekrem som konferansier.

Nedanfor kan du studera kart over dei fire kortesjane:

Rute aust – Litle Sotra, Bildøy og Bjorøy

Rute vest – Store Sotra

Rute sør – Sund

Rute nord – Øygarden, Solsvik og Vindenes

Passeringstider vil verta kunngjort når dagen nærmar seg.

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

One thought on “17. mai på ei flagglengdes avstand

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.