Hadde alt på stell

Tre skular i gamle Fjell kommune hadde alt på stell då fylkesmannen hadde tilsyn med gjennomføringa av nasjonale prøvar.

Bjorøy skule er ein av dei tre skulane i Fjell der fylkesmannen i Vestland hadde tilsyn med gjennomføringa av dei nasjonale prøvane.

Fylkesmannen har hatt tilsyn hos 24 skular i åtte kommunar. I gamle Fjell var det Knappskog, Ågotnes og Bjorøy skule si praktisering av forskrifta til opplæringslova paragraf 2 – 4 som vart vurdert. 

Ved dei tre skulane i Fjell fann fylkesmannen ingenting å setja fingeren på. Det same var tilfelle med skulane i gamle Radøy. Ved dei andre skulane varierte regelbrota frå skule til skule, ifølgje fylkesmannen sin oppsummerande rapport.

Nasjonale prøvar vert gjennomført for elevar på 5., 8. og 9. trinn og.skal visa kor godt skulane lukkast med å utvikla elevane sine grunnleggjande kunnskapar i lesing, rekning og engelsk.

Alle elevane har rett og plikt til å gjennomføra prøvane, og det er strenge reglar for kven som kan fritakast. 

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.