Møt «Terje Vigen» på Viksøy

Det vert drama, hevn og forsoning når skodespelaren Bjarte Hjelmeland framfører «Terje Vigen» på Bibliotekscena – kommunen sitt eige lokal-tv.

Bjarte Hjelmeland. Foto: Simon Tonev,

«Terje Vigen» er eit av Henrik Ibsen sine mest folkekjære dikt. Den intense og fortetta forteljinga om sakn, hevn, drama og forsoning har lenge vore eit av favorittdikta til Bjarte Hjelmeland. Under koronaen las han inn diktet med Viksøy og Nordsjøen som kulisser. 

Torsdag 7. mai kan øygardstrilane nyta framføringa på kommunen sitt eige lokalt-tv.  Bak initiativet står Øygards-biblioteket. Førestellinga er streama og Øygards-biblioteket har kjøpt retten til ei framsyning, og du kan få med deg hendinga på din eigen pc – heilt gratis.

I same sendinga kan du og lytta til musikaren Trond Olsen. Arkivbilete.

Tilbodet inngår i Øygards-biblioteket sine faste torsdags-sendingar «Torsdagskveik frå bibliotekscena» no i korona-tida. «Når ikkje du kan koma til oss, må vi koma til deg», kunngjer biblioteksjef Bente Fosse i ei pressemelding.

Les: Etterlyser lokale artistar

Bjarte Hjelmeland inntek den digitale scenen klokka 19.00. Her finn du lenkje til sendinga.

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.