Meny for ein heilnorsk festdag

På nasjonaldagen skal menyen vera av det kortreiste slaget.

Merksemda om kortreist mat har hatt eit gledeleg oppsving som følgje av korona-krisa. På nasjonaldagen 17. mai – den norskaste av alle festdagane i kalendaren – vert det naturleg å følgja opp med ein heilnorsk, kortreist meny.

Rømmegraut med smørauge, vasskringler og nyskåren fårepølse er eit sjølvsagt val for mange vestlendingar, enten dei no skal samla familien heime eller som ein pause i ein travel dag.

Valet av passande drikke er verre. Mange meinar at ein slik festdag fortenar stetteglas med noko sprudlande i, gjerne også høge «popp!» når korken opnast. Konfrontert med det umogelege valet mellom hundrevis, ja tusenvis av ulike sortar sjampanje, cremant, cava og prosecco er det berre å skjera gjennom. Eg vel norsk her og.

Norskprodusert sider kan konkurrera med det beste dei lagar i utlandet. Mitt personlege val til rømmegrauten er Edel, rosesider frå Åkre gard i Hardanger.

Svakt rosa på farge. Perlande, ikkje sprudlande. Syrlege epler i glaset.  Akkurat passe frisk, passe syrleg og passe tørr til å gå opp i ei høgare eining med grauten og gjera måltidet til den festen nasjonaldagen fortenar.

Nyt 17. mai, folkens!

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.