Får lov å byggja handlesenter her

Nærleiken til regionsenteret Straume sentrum var avgjerande for kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup.

Verken fylkesmannen i Hordaland eller Hordaland fylkeskommune ønska at det skal etablerast butikkar her.

Departementet overprøver motsegnene til fylkesmannen og Vestland fylke mot Straume Handelseiendom AS sitt framlegg til reguleringsplan for Smålonane.

Striden med fylkesmannen og Hordaland fylkeskommune gjekk i hovudsak ut på kva type varer det skulle kunne vera lov å selja i dei planlagte bygga.

Les: Meklinga stranda på definisjonar

Detaljhandel
Reguleringsplanen for det 39 mål store området under høgspentlinja i krysset mellom Arefjordvegen, Industrivegen og Smålonane legg opp til 19.000 kvadratmeter handelsareal, både med plasskrevjande varer og detaljhandel. 4.000 kvadratmeter er avsett til detaljhandel og 15 000 kvadratmeter til handel med plasskrevjande varer.

Plasskrevjande varer omfattar sal av bilar og motorkøyretøy, båtar, landbruksmaskiner, trelast og andre større byggjevarer, hagesenter, møbelsenter, teppesenter og utsal av kvite- og brunevarer.

Styrka sentrum
Fylkesmannen frykta at handelen i området vil verta bilbasert. Han frykta og at handelsvolumet vil gjera området til ein konkurrent og svekka grunnlaget til butikkane i det noverande sentrumet, sidan Straume no vil få ein betydeleg overkapasitet på handel.

Departementet meinar tvert om, at handel i Smålonane vil styrka Straume som eit attraktivt regionalt senter.

I kommunedelplan for Straume (2005-2018), er arealet avsett som nærings- og forretningsområde.  Området i Smålonane ligg så vidt utanfor den vedtekne radiusen for Straume sentrums på 800 meter, men er likevel i gangavstand til sentrum, i følgje departmentet.

Du kan lesa brevet frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet på heimesidene til Øygarden kommune.

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.