Tunnelsyn skiftar namn

Ei nettavis er i stadig utvikling. Nettavisa Tunnelsyn.no skiftar namn til Øygarden24.

I fem år har Tunnelsyn.no vore nettavis for innbyggjarane i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy. Namneskiftet reflekterer at tre av kommunane ved årskiftet slo seg saman til Øygarden, og at øykommunen vest for Bergen er vårt primære dekningsområde.

Måsen, nettavisa sitt kjenneteikn, er framleis med oss. I den nye headinga ser vi måsen mot opprørt hav – elementet som omgjev øysamfunnet vårt på alle kantar og som er så kritisk for levevegen vår. 

Grønfargen er eit medvite val. Vi skal vera med å peika på alternative, grøne løysingar for øysamfunnet i åra som kjem. Raudfargen? Nettavisa skal framleis vera aktuell – og vi skal vera motig – på innbyggjarane si side!

Eit namnebyte er ein lang og omstendeleg prosess, også i vår digitale tidsalder. Du kan finna oss ved å gå direkte inn på https://øygarden24.no. Enn så lenge vil du framleis også kunna finna oss på https://tunnelsyn.no.

 

 

 

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

2 thoughts on “Tunnelsyn skiftar namn

    1. Takk Kjell,
      Her i Øygarden har vi motvind frå alle kantar!
      Lukke til med nasjonaldagen! Husk å senda bilete frå den lokalte feiringa til Øygarden24.no:-)

      Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.