CO2-plan til 6,9 milliardar

Olje- og energidepartementet har starta behandlinga av utbyggingsplanen for CO2-lagringsprosjektet Northern Light på Kollsnes.

Det er oljeselskapa Equinor, Shell og Total som står bak planane om fullskala fangst og lagring av CO2 2.660 meter under havflata utanfor Øygarden. 

Ei realisering av første del av planen for utbygging som oljeselskapa har sendt til Olje- og energidepartementet vil innebera ei investering på 6,9 milliardar kroner, ifølgje ei melding frå departementet.

Fangsten av CO2 skal etter planen skje ved Fortum sitt energivinningsanlegg i Oslo, og/eller ved Norcem sin sementfabrikk i Brevik. CO2-en skal deretter fraktast med båt til Kollsnes for mellomlagring før han vert sendt i rør ut i Nordsjøen.

Les: CO2 mottaksanlegg til Kollsnes

Utbyggingsplanen vil inngå i Regjeringa si vurdering av korvidt dei vil satsa på eit fullskala demonstrasjonsprosjekt. Ei avgjerd som venteleg vert kjent i samband med offentleggjeringa av Statsbudsjettet for 2021, ifølgje olje- og energiminister Tina Bru.

Det vert lagt opp til ei trinnvis utbygging. Første fase vert planlagt med ein kapasitet på 1,5 millonar tonn CO2 årleg. Samla lagringskapasitet gjennom heile den planlagte driftsperioden på 25 år utgjer nærare 40 millionar tonn.

Rørledningen frå Kollsnes er planlagt med ein kapasitet på 5 millionar tonn CO2. Mengda av CO2 gjennom systemet årleg vil avgjera kostnaden per tonn.

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.