I år vert nasjonaldagen digital

 «Kringkastingssjef» Svein Ekrem er mannen bak spakane som skal sørgja for at øygardsstrilane får ein digital 17. mai vi ikkje vil gløyma.

Viviann Steinsland og Tiril Rykkje Hatland (10 år) er mellom dei mange som skal sørgja for nasjonaldagssteming framfor pc-en. Foto: Kari Fauskanger.

 

Barnetog vert det ikkje. Mange har likevel bidrege for å gjera dette til ein 17. mai vi aldri vil gløyma. Dei siste vekene er det spela inn eit 40-tals innslag, alt frå mini-korpskonsertar, flaggheising og song på skular og kransenedleggingar. Lokale artistar som Vivian Steinsland og Trond Olsen er mellom dei som bidreg.

Mannen som skal sy det heile saman og fungera som progamleiar er «kringkastingssjef» Svein Ekrem. Denne dagen skal Ekrem, som til vanleg er leiar for ungdomsklubbane i kommunen, vera i elden mest heile dagen. Karen vart sveitt berre ved tanken alt i veke før han skal i elden.

For øygardsstrilane kan venta seg ei meir eller mindre samanhangande digital marathonsending i den lokale kringkastaren frå klokka 9.00 til klokka 21.00 den 17. mai.

Først ut er kyrkja, med festgudsteneste frå Hjelme og Blomvåg. Rykta går om at her kan vi venta oss både brureferd og englar som dalar ned i skjul.

Les: Her vert det festgudsteneste 17. mai.

Du kan sjå festgudstenesta her.

Klokka 11.00 startar fellesendinga for heile kommunen. Den varar i to timar, fram til kortesjane startar klokka 13.00. Men først vert det fellessong av «Ja vi elskar».

«Kringkastingssjef» Svein Ekrem under opptak i Telavåg 8. mai.

Les: Blålys og sirener skal ersatta barnetoga 17. mai

Kvar av dei fire kortesjane vil senda direkte på Facebook frå sine ruter. Du kan sjå rutene og følgja kortesjane her:
Sone aust
Sone vest
Sone sør
Sone nord

Når kortesjane er i mål klokka 16.00 har Ekrem to timar på seg til å sy høgdepunkta frå kortesjane saman med dei mange opptaka frå dagen til ei tre timar lang sending som oppsummerer nasjonaldagen 2020.

Les: 17. mai på ei flagglengdes avstand

Føl med, folkens, og lukke til med 17. mai. Husk å senda bilete frå den lokale feiringa til Øygarden24.no.

Sjå 17-mai-sendinga på Youtube:

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.