To lokale vinnarar på Oslo Børs

Det er framleis lønsamt å vera vestlands-patriot på Oslo Børs.

Vestlandsverksemder gjer det bra på Oslo Børs. (Foto: Stein Henningsen)

To av dei verksemdene som har motverka depresjonen på Oslo Børs siste månadane høyrer heime på Vestlandet.

Øygarden24.no framheva i tidleg i mars Fjordkraft Holding og Fjord1 som to av vinnarane på Oslo Børs medan børsen skalv i korona-frykt. 

Les: Lønsam Vestlands-patriotisme

Tipset har vist seg å halda vatn. To og ein halv månad seinare har aksjekursen til begge verksemdene stige og tilført aksjonærane ein fin gevinst.

Fjordkraft
Fjordkraft-aksjen har fått juling i dag i kjølvatnet av Skagerak Energi sitt sal av heile 15,5 millionar aksjar, tilsvarande 14,85 prosent av verksemda. Langsiktige aksjonærar kan likevel gleda seg ovar at kursen sidan byrjinga i mars har stige frå 73 til 77 kroner.

Den amerikanske invesgteringsbanken JP Morgan og Alfred Berg Kapital har flagga at dei no begge eig kring fem prosent av aksjane i Fjordkraft Holding ASA.

Fjord1
Båt og fergerederiet Fjord1, med hovudkontor i Florø, er ei anna vestlands-verksem som har motverka korona-frykta.

Aksjen vert i  dag handla på ein kurs kring 46 kroner, opp fem kroner samanlikna med byrjinga på mars.

Fall i fisk
Aksjonærane i oppdrettsverksemda Mowi har til samanlikning sett verdiane falle i fisk så langt i år. Sidan toppen i februar har kursen sunke frå 228 til 186 kroner. Hovudtyngda av fallet kom tidleg i korona-krisa, og det ser i dag ut til at også denne vestlandsverksemda er på stigande kurs.

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.