Vil at vi skal handla meir lokalt

Ein haldningskampanje skal få Øygardsstrilane til å handla meir lokalt.

Frå lanseringa av haldningskampanjen «Takk for at du handlar i Øygarden» i Sund Senter, fv. sentereigar Vidar Klepsvik, ordførar Tom Georg Indrevik og dagleg leiar Rikard Toft Ledang i Vest Næringsråd. Foto: VNR/Anders Ekanger.

Den lokale varehandelen, i samarbeid med Vest Næringsråd, og på oppdrag frå Øygarden kommune, startar i desse dagar haldningskampanjen «Takk for at du handlar i Øygarden». I dag har det vore avspark for kampanjen ved Sund Senter, Rong Senter og Sartor Storsenter.

Målet er å få Øygardsstrilane til nytta mest mogeleg av handlekronene sine i lokale verksemder, i staden for å ta turen over brua.

Vel 14 prosent av arbeidstakarane i Øygarden jobbar i varehandelen. Svært mange arbeidsplassar, kanhende så mange som 2.000, er påverka av restriksjonane dei siste månadane, ifølgje VNR.

Store ambisjonar
Den lokale varehandelen sine vekstambisjonar er store. For å få lov til å utvida handelsarealet er dei imidlertid nøydd til å auka omsetnaden, først og fremst lokalt.

I 2018 omsette butikkane i Fjell, Sund og Øygarden for til saman 3,4 milliardar kroner. Fordelt på kvar og ein av øygardsstrilane utgjer det 71.240 kroner. Noko som inneber at kommunen sett under eitt har ei handelsdekning på 84 prosent, ifølgje ein handelsanalyse Hordaland fylkeskommune har utført.

Omsetninga fordeler seg på 2,35 milliardar på Straume, og 1,1 milliardar i Skogsskiftet, Rong, Ågotnes og øvrige bygder.

Best på Straume
Best er dekninga på Straume. 

Medan fjellsokningane i 2018 i snitt handla for nærare 90.000 kroner i heimkommunen, var handelslekkasjen frå Sund og Øygarden stor. Her utgjorde den lokale handelen berre vel 30.000 kroner per innbyggjar, har analyseavdelinga i Hordaland fylkeskommune rekna ut.

Største einskildaktøren er, ikkje uventa, Sartor Storsenter, med ein samla omsetning på 1,9 milliardar, eller 56 prosent av totalen i 2018.

Handelsanalysen samanlikna Øygarden med Bjørnafjorden og Nesttun. Du kan lasta ned analysen her.

 

 

One thought on “Vil at vi skal handla meir lokalt

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.