Held på 8. plassen

Omsetningen gjekk ned, men Sartor Storsenter held 8. plassen over norske kjøpesentre.

Sartor Storsenter er 8. største handlesenteret i Norge.

Den samla omsetningen i butikkane i Sartor Storsenter gjekk ned med 22 millionar i 1. kvartal dette året. Ein samla omsetnad på 455 millonar kroner inneber at handlesenteret på Straume  beheld posisjonen som det 8. største i Norge, ifølgje kvartalspresentasjonen til konserndirektør Arne B. Sperre i Olav Thon Gruppen ASA i samband med presentasjonen for første kvartal.

Ein brutto omsetnad før mva på 455 millionar kroner dei tre første månadane i år inneber ein reduksjon på 4,6 prosent samanlikna med same perioden i fjor. Sartor Storsenter er likevel ikkje mellom dei handlesentrene som har hatt den svakaste utviklinga dette året.

Les: Kvar tredje butikk held stengt

Generell nedgang
Butikkane eigd av Olav Thon Eiendomsselskap hadde ein reduksjon i omsetnaden med 20 prosent i mars. Verst gjekk det ut over sko- og klesbutikkar, men og sportsbutikkane fekk svi. Vinmonopol og apotek auka derimot omsetnaden i perioden, men ikkje nok til å oppvega nedgangen i dei andre bransjane.

Konkurransen norske handlesentre i mellom er sterk. Omsetnaden til Sartor Storsengter er eit varsel om at avstanden opp til Sørlandssenteret på 7. plass aukar, samstundes som Kvadrat i Sandnes halar innpå.

Lagunen
Med en omsetnad på 661 millionar i første kvartal er Lagunen no det kjøpesenteret i landet som kan skryta av størst omsetnad. Handlesenteret i Fana gjekk mot straumen og auka omsetnaden med 20 millionar kroner, tilsvarande 3,1 prosent, i første kvartal, samanlikna med same perioden i fjor.

Åsane er tredje størst i vest. Ein omsetnad på 377 millionar er nok til å sikra handlesenteret nord i Bergen ein 15. plass i nasjonal samanhang.

Omsetnaden på Vestkanten sank med 8 millionar kroner, til 355 millionar, og sikra senteret ein 19. plass nasjonalt.

 

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.