Festspillene ut til folket

Aldri før har så mange kunna gleda seg over dei mange arrangemanta under Festspillene i Bergen.

Glimt frå konserten med Einar Selvik. Skjermdump.

Festspillene i Bergen vert rekna for eit av årets aller mest fasjonable, med høgt kunstnerisk nivå og tilsvarande billettprisar. I år vert det annleis. Korona-situasjonen har snudd opp-ned på Kultur-Norge, såvel som på resten av landet.

I år kjem Festspillene verkeleg ut til folket. Du kan lasta ned arrangementa til din eigen sofa – heilt gratis.

Heile 60 ulike konsertar vil verta gjennomført utan publikum i salen. I staden vil arrangementa verta overført digitalt. 

Aldri før har så mange sett Festspillene i Bergen. Dei to første dagane ha det blitt utført 141.000 strøymingar av arrangement, melder arrangøren.

Kveldes konsert med Mathias Eick – Kind of Blue  – i Håkonshallen skulle også ha vore opningskonsert på årets Nattjazz. Heime i sofakroken kan vi leva oss inn i musikken – utan forstyrrande publikumssurr i bakgrunnen.

Arrangementa vert vist via Festspillene sine eigne heimesider og på sosiale medier. Einskilde konsertar vil og verta vist på andre kanalar.

Både opningskonserten og Einar Selvik sin konsert i Håkonshallen har vore populære. Det seier sitt om Festspillene sitt omdøme internasjonalt at berre vel 28 prosent av sjåarane er norske. I USA, Tyskland og Polen har Festspillene eit engasjert publikum.

 

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.