Folkeveksten er klar

Øygarden var den av nabokommunane til Bergen som hadde sterkaste folkeveksten i første kvartal 2020.

Folketalet i Øygarden auka med 93 personar dei tre første månadane i år, ifølgje SSB sin dagsferske befolkningsstatistikk.

Innbyggjartalet hadde ei positiv utvikling både når det kom til fødselsoverskot og netto innflytting. Det vart fødd 55 fleire ungar enn talet på personar som døydde.

Netto tilflytting var på 38 personar. Eit djupdykk i talmaterialet viser at ni fleire personar innvandra frå utlandet enn som utvandra.

Stor utskiftning
Største endringa var i talet på melde flyttingar mellom Øygarden og andre norske kommunar. 384 personar flytta til Øygarden. Samstundes bør det uroa politikarar og planleggjarar at heile 355 av innbyggjarane valde å senda flyttelasset tilbake over Sotrabrua. 

Sterkast
Tala tilseier at Øygarden var den av nabokommunane til Bergen med sterkast folkevekst dei tre første månadane i år. Etter Øygarden kjem Alver, med ein folkeauke på 72 personar. Deretter Bjørnafjorden med 57 personar og Askøy med 25 personar.

Folketalsutviklinga i Øygarden 1. kvartal 2020

Befolkning ved inngangen av kvartalet Fødselsoverskot Nettoinnflytting, inkl. inn- og utvandring Folkevekst Befolkning ved utgangen av kvartalet
38.316 55 38 93 38.409

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.