Vil ha Stortinget til å endra reglane for ferjeavløysingsmidlar

Alle dei reelle kostnadane med ferjedrifta må inn i reknestykket når ferjeavløysingsmidlar for eit nytt fastlandsamband skal reknast ut.


Johannes Baug er ein av dei som lenge har kjempa for fastlandssamband frå Lerøy og Bjelkarøy over til Hjellestad. Etter at ordninga med ferjeavløysingsmidlar i 2015 vart utvida til også å gjelda fylkesvegnettet, og forlenga til 40 år, såg det lyst ut. Håpet fekk likevel ein skikkeleg nedtur då Kommunaldepartementet sitt reknestykke kom på bordet sist haust. Byråkratane hadde krympa forventningane om 600 millionar kroner til 36 millionar – fordelt over 40 år.

Les: Nektar å gje slepp på draumen om fastlandssamband

Optimist
– FrP ønskjer å ta opp ordninga med ferjeavløysingsmidlar i samband med Stortinget si behandling av Kommuneproposisjonen 17. juni, seier Helge Andre Njåstad (FrP).

Njåstad og FrP si Stortingsgruppe har godt håp om at dei vil kunna få gjennomslag for endringar i dei statlege løyvingane til kommunane sjølv om dei ikkje lenger sit rundt Erna sitt bord.

Katt-og-mus-leik
For Baug er langt frå aleine om å oppleva det som om byråkratane i Kommunaldepartementet har drive katt-og-mus-leik med innbyggjarane i øysamfunna i distrikta. I dag fekk han delt frustrasjonen sin med andre i same situasjon, frå Hidra i Agder til Hasvik lengst nord i Finnmark.

Forskrifta for tildeling av ferjeavløysingsmidlar og korleis ordninga kan verta betre tilpassa dei mange aktuelle prosjekta, var tema for videomøtet.

Mange samband
Mange ferjestrekkjer langs kysten er eigna for ferjeavløysing. I Hordaland er Klokkarvik – Lerøy – Bjelkarøy – Hjellestad eitt av fire ferjesamband på fylkesvegnettet som er inne på regional transportplan.
Medan nokre av prosjekta er så og seia «gryteklare», må det i andre tilfelle til omfattande reguleringsprosessar og kostnadskalkyler før det kan fattast noko endeleg vedtak.

Kostnadane er bøygen. Mange vegprosjekt sloss om knappe midlar på fylkesvegbudsjetta. Ferjeavløysingsprosjekt vil utløysa statlege midlar.

-Alle kostnadane må med
– Vi må vera tydelege og konkrete på kva endringar vi ønskjer. Endringane må inn i forskrifta for ferjeavløysingsmidlar, var vegtilhengjarane samde om.

-Grunnprinsippet med ferjeavløysingsmidlane må vera at alle innsparingane eit fastlandssamband utløyser må koma dei einskilde prosjekta til gode, seier Baug.

Alle dei reelle kostnadane med dagens ferjedrift må inn i reknestykket. Oppgraderinga til elektriske ferjer vil auka kostnadane vesentleg, noko Staten vil måtta kompensera for gjennom inntektsutjamninga. Med eit ferjesamband vil det offentlege måtta betala driftskostnadar til evig tid. Ein veg vil verta nedbetalt etter 40 år, vart det hevda.

Rentekostnad
Finansieringsordninga er noko av bøygen. I dag må fylkeskommunane ta opp lån for å forskottera investeringa, og så får dei refundert kostnaden over ein 40-års periode. Ei ordning som påfører fylka store rentekostnadar, særleg i tidleg fase. Sjølv om fylka får refusert ein del av rentekostnadane, er kostnadane på eit slikt nivå at dei vegrar seg for å gå inn i slike prosjekt, hevdar Frank Willy Djupvik


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.