Mot ei gradvis normalisering i arbeidslivet

Deltid pregar det lokale arbeidslivet etter korona.

NAV Fjell fekk i fjor 66 klager frå innbyggjarar som var misnøgde med sosiale vedtak.

Region Vest, som omfattar Øygarden og Askøy, er det området i Vestland som har høgast ledighet, nest etter Bergen, ifølgje NAV sin dagsferske statistikk.

Til saman er no 4.476 personar, eller 12,8 prosent av arbeidsstokken i dei to kommunane, ramma av oppseiingar og permitteringar. Det er 807 færre enn ved utgangen av april.

Verst
Øygarden er den av kommunane som er verst ramma. Det går likevel mot ei gradvis normalisering i arbeidslivet også her. 1.359 heilt ledige i kommunen ved utgangen av mai, er 629 færre enn for ein månad sidan, 

Deltid
Samstundes har talet på personar som jobba deltid eksplodert. Å jobba deltid synes å ha blitt den nye normalen i tida etter korona.

I Region Vest, er det no til saman 2.021 delvis ledige, mot 2.275 heilt ledige. Ved månadsskiftet april/mai var forhaldet 1.667 delvis ledige, samanlikna med 3.433 heilt ledige.

 

 

One thought on “Mot ei gradvis normalisering i arbeidslivet

  1. Kommunen har store utfordringer med for lite ansatte til å håndtere byggesaker og må betale konsulenter for å få arbeidet unna. Det er ikke tid og hensiktsmessig å ansette flere i denne tiden med stor arbeidsløshet. Dette var også påpekt i møtet, at det er meningsløst å bruke millioner på konsulenttjenester når det er stor arbeidsløshet i kommunen. Flertallet brydde seg lite om den problemstillingen.

    Klippet ut fra sak 57/20 behandlet i kommunestyret i går:

    Administrativt opplever ein nå stor merksemd og press for å halde framdrift i ein lang rekkje planoppgåver, der det også er knytt kostnader til utgreiings- og konsulenttenester. Ein ser tydeleg at korkje planressursar (årsverk) eller budsjettmidlar til konsulent er tilstrekkeleg for å møte forventingane. Kommunaldirektøren legg derfor fram ei ny sak om planoppgåver, disponering av budsjettmidlar til konsulent og framlegg til prioritering for 2020. Det vert i den samanheng vist til notat FS-sak 015/20 som kommunedirektøren la fram i utvida formannskap 23.04.2020, der slikt aktuelt tiltak vart fremma: Sak til politisk nivå i mai, med prioritering av planportefølje og bruk av budsjettmidlar til konsulent

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.