Her står sengene tomme

Ti prosent av heildøgns omsorgsplassane i Øygarden er ikkje i bruk. Og slik kan det verta i fleire år framover. Kommunen manglar pengar til løn.

Til saman 24 senger ved heildøgns omsorgsinstitusjonar i Øygarden står for tida tomme, kjem det fram av sakspapira til møtet i utval for tenester og levekår denne veka. 

Dei tomme sengene utgjer ti prosent av alle heildøgns omsorgsplassar i kommune. 

Ved Fjell sjukeheim er det 14 heildøgns omsorgsplassar i paviljongen som ikkje er i bruk. Åtte av dei er spesielt tilpassa personar med demens. 

I det kommunale prestisjeprosjektet Øygarden lokalmedisinske senter til 320 millionar kroner som vart opna for sist vår er det framleis 10 sengeplassar som ventar på å verta tekne i bruk.

Manglar pengar til løn
Når sengene står tomme, er det fordi Øygarden kommune manglar pengar til å løna personell som kan drifta dei heildøgna omsorgstilboda, kjem det fram av saksutgreiinga.

Dei mange tomme sengene er eit resultat av mange års økonomiske prioriteringar i gamle Fjell kommune. På slutten av fjoråret var det eit 100-tals vakante stillingar i kommunen. Det var då så mange ubesette stillingar at dåverande rådmann Steinar Nesse åtvara om at tenestetilbodet på einskilde område var heilt på grensa til det forsvarlege.

Les: Fjell har 100 ledige stillingar

Ikkje i år…
Heildøgns omsorgsplassar er eit av dei tilboda som kostar kommunane aller mest  å drifta. Å setja dei 24 sengeplassane i heildøgns drift vil kosta kring 27 millionar kroner årleg. Eindel av midlane vil kommunen truleg kunna få refundert gjennom Regjeringa si satsing «Leve hele livet». 

Dei svært etterlyste omsorgsplassane til eldre og demente kan verta ståande tomme lenge, ifølgje saksutgreiinga. Kommunedirektør Rune Lid ser ikkje grunnlag for å setja tilboda i drift dette året. Han foreslår at midlar til å løna personell som kan drifta sengeplassane først kan plasserast inn på økonomiplanen for 2021 – 2024.

Eldrebølgja
Det er i dag til saman 245 heildøgns omsorgsplassar i Øygarden. Når desse 24 sengeplassane er tekne i bruk, vil Øygarden kunna tilby heildøgns omsorgsplass, enten fast eller avlasting, til 22 prosent av innbyggjarane over 80 år.

Det er strenge kriterier for tildeling av slike tilbod. Heile 70 prosent av brukarane er dement.

Prognosane for alderssamansetjing i kommunen tilseier at aldersgruppa vil verta tredobla innan 20 år. I 2040 vil 3.400 øygardsstrilar vera over 80 år. Utan ein vesentleg auke i satsinga på denne aldersgruppa vil tenestedekninga i 2040 vera redusert til sju prosent. 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.